Kompensasjon for tilsette som må skifte arbeidsstad

Dersom du som er tilsett i komande Bjørnafjorden kommune må skifte arbeidsstad som følgje av kommunesamanslåinga, og blir påført ekstra kostnader eller reisetid ved transport mellom heim og arbeidsstad, kan du søkje om å få kompensasjon. Kompensasjonen er tidsavgrensa.

Kven kan søkje om denne kompensasjonen?

Tilsette i Os eller Fusa kommunar som får endra frammøtestad* som følgje av kommunesamanslåinga, og som får ekstra kostnader og reisetid utover det dei hadde før samanslåinga. Ordninga gjeld også for dei som får endra arbeidsstad  før 1. januar 2020. Ordninga blir avslutta 31. desember 2021.

*Alle tilsette har èin frammøtestad, til dømes Kommunetunet i Eikelandsosen eller Os rådhus, uavhengig av om du arbeider på fleire ulike stader i kommunen.
Reise til og frå arbeid blir rekna med utgangspunkt i denne frammøtestaden. Reisetid og reiseutlegg til frammøtestad er arbeidstakar sitt ansvar. Reisetid og reiseutlegg i samband med tenestereise frå frammøtestaden blir rekna som arbeidstid/utlegg i samband med tenestereise, og blir belasta arbeidsgivar.

Er du usikker på kva som vil vere din frammøtestad i Bjørnafjorden kommune? Ta kontakt med nærmaste leiar.

Kva slags kompensasjon blir gitt?

Kompensasjonen blir gitt i pengar. Tilsette som får innvilga søknad om kompensasjon får inntil kr 20 000 per år. Summen er avhengig av stillingsstorleik og talet på arbeidsdagar per veke.

 Slik søkjer du

Søknaden må innehalde:

  • Namn
  • Fødselsnummer
  • Bustadadresse
  • Eksisterande frammøtestad i Os/Fusa kommune
  • Ny frammøtestad i Bjørnafjorden kommune
  • Stilling og avdeling i Bjørnafjorden kommune
  • Stillingsprosent og tal på arbeidsdagar per veke
  • Oversikt over ekstra kostnadar og reisetid som følgje av endra frammøtestad i samband med kommunesamanslåinga.

Send søknad og/eller eventuelle spørsmål på e-post til omstillingsutvalet v/personalsjef Eva Røttingen, ekr@os-ho.kommune.no

Søknader blir behandla i Omstillingsutvalet for Bjørnafjorden kommune, som så innstiller til rådmannen.

Kompensasjonsordninga blir avslutta 31. desember 2021.