Kva bør vi gjere annleis no som vi har sjansen?

Korleis skal tenestene vere organiserte i den nye kommunen?

Korleis skal vi organisere oss for å sikre gode, heilskaplege tenester til innbyggarane våre, og ein god, meiningsfylt og effektiv arbeidsstad for dei tilsette i Bjørnafjorden kommune? Kva bør vi gjere annleis no når vi har sjansen til å tenke nytt?

Dette er spørsmåla leiinga i den framtidige kommunen vår styrer med for tida. Sjølv om vi alt er i gang med samanslåinga på mange frontar, er det likevel slik at mykje avheng av at det overordna organisasjonskartet er på plass.

– Vi må ha ein open og inkluderande prosess for å sikre medverknad og at alle gode innspel kjem fram før vi tar ei avgjerd, sa Line Rye, kommunalsjef for oppvekst og kultur/helse og omsorg i Os kommune, og framtidig kommunalsjef oppvekst og kultur i Bjørnafjorden kommune då ho orienterte Fellesnemnda måndag 19. mars.

Ho har utfordra leiargruppene i dei ulike einingane under Oppvekst og kultur og Helse og omsorg til å teikne sine “ideal-organisasjonsmodellar”. Fire moglege modellar blei presenterte for å sette i gang diskusjonen – og resultatet var endå fleire forslag frå dei ulike gruppene.

Ingen fasit

– Dette er ein unik sjanse til å endre på ting som ikkje fungerer optimalt i dag. Det er veldig interessant å sjå innspela til ny organisering frå dei tilsette. Høyrer til dømes helsestasjon, skulehelseteneste og jordmorteneste under helse eller oppvekst? Skal institusjon og heimetenester vere organisert saman eller kvar for seg? Høyrer enkelte helsetenester eigentleg heime under Samfunnsutvikling, som til dømes folkehelse? Skal kulturskulen ligge under skule eller kultur? Kvifor? Kvifor ikkje? Det er ingen fasit på korleis dette skal sjå ut, men det er viktig at vi har tenkt grundig gjennom dei ulike alternativa – og at vi er opne for å tenke nytt og på tvers av områda, sa Rye.

Store og viktige spørsmål

Fram til 13. april skal dei tilsette i kvar eining drøfte og kome med innspel til dei ulike forslaga til organisering. Det same skal dei tillitsvalde i arbeidstakarorganisasjonane, før det endelege, overordna organisasjonskartet for Bjørnafjorden kommune skal vere ferdig teikna 15. juni.

Aina Tjosås, kommunalsjef samfunnsutvikling i Os kommune/Bjørnafjorden kommune, har vore gjennom ein liknande prosess med sine leiarar på begge sider av fjorden.

-De fleste vil i hovudsak ha organiseringa som dei har det i dag, dette gjeld på begge sider av fjorden., men eg har fått fleire gode forslag til småjusteringar. Det store spørsmålet er jo likevel kva Samfunnsutvikling skal vere? Skal vi konsentrere oss om drift og utvikling av materielle verdiar, eller òg immaterielle verdiar som er viktige i samfunnet vårt? Dette er viktige og spennande spørsmål. Eg ønskjer å snakke med kvar enkelt tilsett på området i Fusa for å sikre ei grundig kartlegging før vi bestemmer oss, sa Tjosås i si orientering til Fellesnemnda.