Kva er likeverdige tenester?

Kva slags tilbod skal dei nyfødde bjørnafjordingane få? Kva skal kjenneteikne barnehagetilbodet vårt? Korleis kan vi gjere det enklare og betre å søke om sjukeheimsplass i kommunen vår? Og korleis skal vi sikre likeverdige tenester til alle innbyggarar, sjølv om tilbodet ikkje nødvendigvis er likt?


Irene Ullensvang, prosjektleiar for Barnehageområdet, brukte denne teikninga som illustrasjon på at likt ikkje nødvendigvis er det same som likeverdig.

Den nye kommunen skal levere tenester til både dei aller minste og dei aller eldste, på begge sider av fjorden og over eit stort geografisk område.
I utvalsmøtet onsdag 29. august, fekk Tenesteutviklingsutvalet for Bjørnafjorden kommune eit innblikk i korleis prosjektgruppene for nokre av dei største og viktigaste tenestene i den nye kommunen jobbar. Guri Ljones, prosjektleiar for Forvaltning helse og omsorg, Marita Wallevik, prosjektleiar for Førebyggande helsetenester og Irene Ullensvang, prosjektleiar for Barnehageområdet, orienterte om arbeidet så langt, og svarte på spørsmål frå politikarane.

Behandlar alle søknader om helse- og omsorgstenester

Prosjektet Forvaltning helse og omsorg skal lage det framtidige forvaltningskontoret i Bjørnafjorden kommune, det som i dag går under namnet Bestillar- og forvaltarkontoret (BOF) i Os kommune, og Tenestekontoret i Fusa kommune. Hit kjem alle søknader om helse- og omsorgstenester, anten søknaden gjeld sjukeheimsplass, fysioterapi, avlastning, heimesjukepleie, matlevering eller ei lang rekkje andre tenester dei to kommunane leverer til innbyggarane. 

Guri Ljones frå Bestillar- og forvaltarkontoret i Os kommune er leiar for prosjektet Forvaltning helse og omsorg. 

Kompetent og forsvarleg

-Målet er ei kompetent og forsvarleg forvaltning som òg ser moglegheitslandet, sa Guri Ljones, og refererte til framtidige Bjørnafjorden i både bokstaveleg og overført betydning. 
-Det har vore veldig kjekt å bli kjende med dei som jobbar på Fusa-sida. Vi har hospitert på kvarandre sine vedtaksmøte, laga framdriftsplan for prosjektet og starta det omfattande arbeidet med kartlegging av oppgåver og saksgang i kvar av kommunane. Vi må òg sikre samarbeid med dei andre delprosjekta, ikkje minst for å involvere brukarane i utviklingsarbeidet. Mykje arbeid står att, men vi er i rute, kunne Guri fortelje.

Her kan du sjå kven som er med i prosjektgruppa for  Forvaltning helse og omsorg og presentasjon av arbeidet så langt.

Har lært mykje av SIO

-Er det store skilnadar mellom korleis de jobbar på dei to kontora? ville utvalsleiar Eirik André Hesthamar vite.
-Bestillar- og forvaltarkontoret i Os kommune har eksistert sidan 2003, men vi har gått gjennom ei betydeleg profesjonalisering i samband med SIO-prosjektet dei siste åra (statleg finansiering av omsorgstenester). Det er klart vi har ein styrke i forhold til Fusa-kontoret, men eg føler meg trygg på at dette kan utjamnast når vi blir eitt kontor. Den store utfordringa er å definere kva likeverdige tenester skal vere, når til dømes eit dagsenter på Os er ope fem dagar i veka, medan eitt på Fusa berre er ope to dagar i veka, sa prosjektleiar Guri.

Veldig effektive tenester

-Kan vi anta at det nivået tenestene ligg på i dag vil vere bærekraftig i den nye kommunen? ville Tone Hepsøe (Os Ap) vite.
-Det kan vi ikkje svare klart på, svarte kommunalsjef for Oppvekst og kultur i Os/Oppvekst i Bjørnafjorden kommune, Line Rye. – Økonomien vil heilt klart bli utfordrande på begge sider av fjorden. Vi er nøkterne og realistiske i tildelinga. Det er styrande for oss at vi veit SIO-prosjektet har ein ende, slik at vi ligg på same nivå som tidlegare. Vi driv veldig effektive tenester, sa kommunalsjefen.
-Bjørnafjordingane skal bli godt tatt i vare når dei kjem med søknader om helse- og omsorgstenester. Rettigheitsfokuset ute i samfunnet gjer det ekstra viktig med ein profesjonell og kompetent organisasjon, og eg er trygg på at Bjørnafjorden vil få nettopp dette, sa Fusa-rådmann/assisterande rådmann i Bjørnafjorden kommune, Nils-Petter Borge.

Spesialistar i Os, generalistar i Fusa

-Dette er ein fantastisk moglegheit til å granske seg sjølv og måten vi jobbar på, sa prosjektleiar for Førebyggande helsetenester, Marita Wallevik i sin presentasjon til utvalet. Førebyggande helsetenester femner om jordmor, helsestasjon, helsesøster og psykologar. 
-Vi har spesialistar i Os og generalistar i Fusa – korleis sikrar vi at vi tar med oss det beste frå begge kommunane? spurde Marita. – Korleis sikrar vi at alle får den informasjonen dei treng undervegs? Korleis deler vi informasjon på best måte? Korleis involverer vi innbyggarane våre i utviklingsarbeidet? Vi skal finne gode svar på alle desse spørsmåla, medan nye spørsmål dukkar opp undervegs. Dette er eit veldig kjekt, men samstundes svært tidkrevjande arbeid. 

Marita Wallevik, prosjektleiar for Førebyggande helsetenester, orienterer Tenesteutviklingsutvalet for Bjørnafjorden kommune om arbeidet i prosjektet så langt.

Kva er likeverdig tilgang til skulehelsesøster?

-Det er eit fantastisk viktig arbeid de gjer, og heilt sikkert spennande, sa Tone Hepsøe (Os Ap).- Greier de å ha blikk på innovasjon og nytenking oppi det heile?

-Absolutt! Særleg når det gjeld kommunikasjon må vi tenke nytt, spesielt i samband med spesialistkompetanse. Det er mange spennande moglegheiter der ute, og vi sjølvsagt er interesserte i å ta i bruk gode løysingar.
– Kva tenker de om dette med likeverdige versus like tenester? ville Bjarte Samnøy (Fusa KrF) vite.
-Det er klart at vi ikkje kan ha skulehelsesøster alle dagar i veka på alle skulane i Os og Fusa, sjølv om det største skulane i Os har det. Kanskje handlar det meir om å sikre lik tilgang til helsesøster. Avstandane på Fusa spelar òg inn. Os er ein ganske kompakt kommune. Fusa er langstrekt. Det er ikkje sikkert at det er det beste tilbodet for nyfødde på Fusa å kome til eit nærjordmorsenter ein lang køyretur unna. Vi må tilpasse tilboda våre etter forholda, og slik sikre likeverdige tenester – likt er ikkje nødvendigvis best, meinte Marita.

Her kan du sjå kven som er med i prosjektgruppa for Førebyggande helsetenester og lese om arbeidet så langt.

Ein kommune andre kommunar vil lære av

-Eit godt barnehagetilbod er utruleg viktig. Barnehageområdet er regulert av eit hav av lovar og reglar – som er i kontinuerleg endring. Når vi skal forme barnehagetilbodet i den nye kommunen, vil vi ta utgangspunkt i beste praksis. Utdanningsdirektoratet si nasjonale undersøking blant foreldre med barn i barnehage gir masse informasjon og er utgangspunkt når vi saman skal legge føringar som vil gi store konsekvensar i mange år framover. Målet for barnehageområdet er å vidareutvikle eit inkluderande barnehagemiljø for leik, læring og danning, fortalde prosjektleiar for barnehageområdet, Irene Ullensvang, som skrytte stort av prosjektgruppa si.

Her kan du sjå presentasjon av prosjektet og kven som er med i prosjektgruppa.

Store ambisjonar

– Vi har store ambisjonar for barnehageområdet, og difor er vi òg naturleg nok veldig interesserte i kva de politikarar ser for dykk. Kva vil vi eigentleg? Skal vi garantere for eit samla barnehagetilbod? Skal vi vere best i verda? Gode nok? Eller skal vi vere ein kommune som andre kommunar ønskjer å lære av? spurde Irene.

Irene Ullensvang, prosjektleiar for Barnehageområdet i Bjørnafjorden kommune, ga politikarane ei innføring i kompleksiteten i prosjektet.

Dyrare med mange små barnehagar

-Kva økonomiske konsekvensar vil ei eventuell auke i kommunale barnehageplassar ha? spurde Tone Hepsøe (Os Ap)
– Nett no er det ikkje behov for fleire barnehageplassar i Os og Fusa. Men det er eit interessant spørsmål om den neste barnehagen som blir etablert i Bjørnafjorden kommune skal vere kommunal eller privat, meinte Irene.

I Fusa er kommunen den største barnehageeigaren, medan i Os kommune er dei private barnehagane i fleirtal.
-Vi har sett ein auke i kostnader til barnehageområdet dei siste åra. Vi kan ikkje berre auke og auke, men òg sjå på korleis barnehagane blir drivne. Mange små barnehagar er dyrare å drive enn færre store. Slik er det berre, sjølv om det høyres kynisk ut. Finansieringsmodellen for barnehagane er slik at dersom stykkprisen for barn i kommunale barnehagar går opp med nokre få kroner, vil totalsummen for området bli veldig høg. Dette må vi ha fokus på, sa Eirik André Hesthamar (Os FrP).

Kommunale eller private barnehagar?

-Vi må ta inn over oss at vi blir ein større kommune. Os er ein så kompakt kommune at det er mogleg å bu i ei grend og ha barnehage i ei anna. Dette er ikkje nødvendigvis like enkelt på Fusa. Vi må sikre at grendene på Fusa har barnehagar, meinte Tone Hepsøe.
-Ja, men må grendebarnehagar vere kommunale? lurte Hesthamar på.
-Dette er viktige diskusjonar. Det er uansett dyrt å drive barnehage. Barnehagelova og rett til plass endrar seg stadig. Kommunen må snu seg rundt heile tida. Vi må leve med det og finne ut av det saman, oppmoda Ullensvang.

Vi må ta vanskelege val

-Vi har plikt til å levere talet på barnehageplassar, ikkje oppretthalde dagens barnehagestruktur. Det ville tatt knekken på heile barnehagefinansieringa. Kva skal vege tyngst? Kva vi har lyst til eller kva vi har pengar til?
Diskusjonen kring like vs likeverdige tenester vil vi få ofte framover. Hugs peikefingeren til rådmannen – vi kjem kanskje til å mangle 100 millionar i den nye kommunen. Vi må kanskje skru ned tenestene nokre stader – kanskje til og med fjerne goder vi har i dag. Dette må vi vere førebudde på. Vi får vere med på noko fantastisk og unikt, men vi må òg ta vanskelege val, minte utvalsleiaren utvalet på.