Kva for KF og AS skal Bjørnafjorden vere involvert i?

Kor stor del av kaka skal og bør Bjørnafjorden ha i andre selskap?

Både Os og Fusa kommunar er involvert i fleire kommunale eller private selskap. Når vi slår oss saman til Bjørnafjorden kommune treng vi ein strategi for kva for heileigde kommunale føretak og aksjeselskap vi skal ha. Kva slags engasjement skal den nye kommunen ha i andre private og ideelle selskap?
Fellesnemnda skal diskutere dette i dag. Sjå framlegget til ein innleiande diskusjon på kva type eigarskap Bjørnafjorden kommune skal ha i framtida, og kva type selskap kommunen skal vere engasjert i. 

Rådmannen ønskjer med denne saka å spele opp til ein diskusjon omkring Bjørnafjorden kommune sin eigarstrategi i kommunale selskap, interkommunale samarbeid og andre eigarpostar i ulike selskap.
 Kva skal vere formålet med Bjørnafjorden kommunen sitt eigarskap i selskapa?
 Kva strategi skal Bjørnafjorden kommune ha i samband med eigarskap i framtida? Skal vi ta ei meir aktiv rolle i nokre av dei, eller skal vi i nokre heller ta ei meir passiv rolle, men framleis vere inne på eigarsida?
 Er det nokre av selskapa Bjørnafjorden kommune skal/bør selje seg ut av/avvikle sitt engasjement i?

Per august 2018 er Os kommune involvert i følgjande selskap:

 Os Bygg og Eigedom AS – 100%
 Os ASVO AS – 100%
 Os Parkering AS – 100%
 Byvegen 2 AS – 100%
 Osbadet KF – 100%
 Oseana KF – 100%
 BIR AS – 4,74%
 Interkommunalt Arkiv Hordaland (IKHA) – 4,61%
 Bergen – Os Bompengeselskap AS – 24%
 Bergen og Omland Hamn AS – 5%
 Driftsassistenten i Hordaland IKS – 1,65% (?)
 Hordfast AS – 5 aksjar
 RadiOs SA – 10 aksjar
 Biblioteksentralen A/L – 7 aksjar
 Dag og Tid AS – 50 aksjar
 Det Norske Teateret – 5 aksjar
 Os kulturutvikling

Per august 2018 er Fusa kommune involvert i følgjande selskap:

 ASVO Fusa AS – 97-98%
 Fusa Kraftlag SA – 2 lutar
 Fusa Utviklingsselskap AS – 51%
 AS Sambygg – 12,56%
BIR AS – 1,33%
 Sandvenhagen Næringsbygg AS (tidl. Nordheimsund Industrier AS) – 4,03%
 Haukelivegen AS – 2,78%
 Sunnhordlandsambandet AS – 10 aksjar
 Interkommunalt arkiv Hordaland (IKAH) – 2,85%
 Biblioteksentralen SA – liten eigarandel
 Kommunekraft AS – liten eigarandel
 Hafslund ASA – liten eigarandel
 Stiftinga norsk kulturarv (SNK) – liten eigarandel
 Tide ASA – liten eigarandel (1320 aksjar)
 Orkla AS – liten eigarandel (2300 aksjar)