Kva gjer kommunesamanslåinga med identitetskjensla til fusingar og osingar?

Ei kommunesamanslåing set mange kjensler i sving.

Dei rasjonelle argumenta for samanslåing av kommunar – «større og meir robuste»- kan verke i overkant kjølige og distanserte for ein som kjenner sterk tilhøyrsel og kjenslemessige band til fellesskapet i eigen kommune (kommune kjem jo av det latinske ordet for «felles»).
Kva gjer samanslåing av kommunar med denne identitetskjensla hos mange av oss? Og er det forskjell på korleis fusingar og osingar reagerer?

Noko felles?

Dette var utgangspunktet då fire geografistudentar frå Universitetet i Bergen i vår forska på identitetskjensla knytt til kommunesamanslåing i Os og Fusa.
Ingelinn Marifjæren Gundersen, Sandra Laberg Kjellesvik, Kristian Solgård og Karoline Haugan Ådland ønskte å finne ut om det alt eksisterer ein felles identitet som kan gjere samanslåinga enklare, og samstundes undersøke kor viktig identitet som faktor er i denne samanslåinga.
Rapporten tar for seg utvikling i folketal, arbeidsplassar, næring og økonomi i dei to kommunane, i tillegg til interessante refleksjonar frå osingar og fusingar kring kven vi er, kvifor vi har blitt slik og kven vi er på veg til å bli.

Her kan du lese heile rapporten (som for øvrig fekk karakteren A)