Kva skjer eigentleg for tida?

– Kva skjer eigentleg med den der kommunesamanslåinga?

Rådmann Christian har ordet:
Kjære bjørnafjording!

Eg forstår at mange tilsette ønskjer meir konkret informasjon om kva som skjer og korleis ting vil vere i den nye kommunen. Det går fort i svingane, og eg beklager at ikkje alle får informasjon om alt dei lurer på til ei kvar tid. Men det er altså slik at mykje framleis dreier seg om kartlegging og planlegging. Bjørnafjorden kommune er framleis under bygging. Arbeidet med tilsetting på dei ulike leiarnivåa følgjer milepælsplanen for bemanning i Bjørnafjorden kommune.

Tilsetting av mellomleiarar (einingsleiarar, fagsjefar) i Bjørnafjorden kommune er undervegs. Gro Elisabeth Almås er tilsett som fagsjef for pleie og omsorg i Bjørnafjorden kommune. Ho vil ha eit overordna ansvar for dei fire einingane innan pleie og omsorg, og vere med på å utvikle dei ny tenestene, bidra til felles kulturbygging og legge til rette for god organisering. Vidare er det fagsjefen si oppgåve å drive internt innovasjons- og  organisasjonsutviklingsarbeid for å sikre likeverdige, gode og bærekraftige tenester i Bjørnafjorden kommune. Almås er i dag einingsleiar Pleie og omsorg i Fusa kommune.

Innan 31. oktober skal alle på leiarnivå 2 vere innplasserte, som det heiter. Når desse leiarane er på plass, står tilsetting av avdelingsleiarar og teamleiarar for tur. Desse skal vere på plass innan 31. april 2019.
Eg lovar at vi skal gi klar beskjed om viktige avgjerder etter kvart som dei blir tatt.

43 delprosjekt er godt i gang. Arbeidet i kvart delprosjekt blir logga i Prosjektportalen, som er det digitale verktøyet vi brukar for å planlegge, gjennomføre og avslutte alle delprosjekt. Prosjektleiarane og eg kan enkelt gå inn i Prosjektportalen for å få oversikt over korleis kvart enkelt delprosjekt går og kva som er status for dei ulike delane.  Prosjektleiarane Marianne Kramer, Monica Totland Melvold, Elisabeth Farstad og Line Rye (som har overtatt delprosjekta på Oppvekst-området etter at Totland Melvold blei kommunalsjef) rapporterer regelmessig til Fellesnemnda. I tillegg orienterer sentrale delprosjekt i dei to politiske utvala som er oppretta i samband med kommunesamanslåinga: Tenesteutviklingsutvalet og Samfunns- og næringsutviklingsutvalet.

Les om då delprosjekta for barnehage, førebyggande helsetenester og forvaltning helse og omsorg orienterte Tenesteutviklingsutvalet.

Organisasjons- og innovasjonsavdelinga har ikkje fått eit organisasjonskart, men eit organisasjonstannhjul! Les meir om organiseringa og oppgåver her.

Lurer du på noko som gjeld arbeidsområdet ditt eller deg som tilsett? Ta det opp med den nærmaste leiaren din. Lurer du på noko på eit meir overordna nivå? Då er det heilt sikkert fleire som lurer på det same, og noko vi bør ta opp i fellesskap. Meld gjerne ifrå om slike tema til info@bjornafjordenkommune.no

Beste helsing Christian Fotland, rådmann i Os og framtidige Bjørnafjorden kommune