Lisbeth Axelsen konstituert som kommunalsjef Samfunnsutvikling

Lisbeth Axelsen vil fungere som kommunalsjef for Samfunnsutvikling fram til ny kommunalsjef er tilsett. (Foto: Midtsiden)

Arbeidet med å tilsetje ny kommunalsjef for Samfunnsutvikling held fram, og organiseringsprosjektet er i sluttfasen.

For å avlaste rådmannen, er Lisbeth Axelsen konstituert som kommunalsjef for Samfunnsutvikling fram til ny kommunalsjef er tilsett.
Kor lenge konstitueringa vil vare, avheng av kva for organisasjonsmodell som blir vald og resultatet av rekrutteringsprosessen.

– Eg ser at eg er flaskehals i mange saker. Vi treng ein som kan ta dagleg drift, koordinere og vere ei støtte for avdelingsleiarane. Vi skal saman utforme ei stillingsbeskriving, og i utgangspunktet startar Lisbeth 1. oktober. Fram til ny kommunalsjef er tilsett, vil eg framleis sitte i plan- og bygningsutvalet og ha møte med utvalsleiar i forkant, seier rådmann Christian Fredrik Fotland.

Lisbeth Axelsen har vore leiar for Kultureininga i Os kommune, og er no rådgivar i rådmannens stab.