Lyseparken-plan til mekling

 

Områdereguleringa for Lyseparken er heilt i sluttfasen, nesten 30 år etter at området i Endelausmarka blei avsett til næringsverksemd i arealdelen av kommuneplanen i 1990. Plan- og bygningsutvalet (PBU) hadde områdeplanen for Lyseparken til andregongsbehandling 17. oktober, og vedtok samrøystes administrasjonen sitt framlegg til vedtak.

Framlegget til ny områdeplan bygger vidare på godkjente reguleringsplanar frå 2006 og 2012. Undervegs er det gjort justeringar i samband med planlegginga av ny E39, og det er lagt inn endringar for å sikre naturmangfaldet. Etter forhandlingar med fylkesmannen blei mellom anna 170 dekar ferdigregulert utbyggingsområde teke ut av planen for å verne habitatet til den sjeldne augestikkaren Stor torvlibelle.

Fleire varsla motsegn

I Os kommune er det brei semje om planen slik han ligg føre i dag. Administrasjonen, fagfolka og politisk nivå meiner at planen er gjennomarbeidd og i samsvar med lokale, regionale og nasjonale føringar. Dette er særleg fylkeskommunen, delvis òg Fylkesmannen, usamd i. Då områdeplanen for Lyseparken var ute på høyring tidlegare i år, kom det inn seks merknader får private og åtte uttalar frå høyringsinstansar. Fylkesmannen, Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen varsla motsegn. PBU finn ikkje å kunne ta omsyn til motsegnene, og ber administrasjonen å sende saka til fylkesmannen for mekling. Dersom mekling ikkje fører fram, rår PBU kommunestyret for Bjørnafjorden kommune til å vedta framlegget til plan for Lyseparken–E39 med motsegner.

Kven skal drive Lyseparken?

Når områdeplanen Lyseparken er i hamn, ventar eit strategival for Bjørnafjorden kommunestyre: skal kommunen selje alt tomtearealet i Lyseparken, drive alt sjølv eller samarbeide med private? PBU rår kommunestyret til å vedta ein strategi for eventuelle tomtesal som sikrar at verksemdene i Lyseparken må kople seg til ein felles energisentral med eit lokalt nett, slik at dei kan utveksle energi, anten er det frå sol og berggrunn, eller energi henta via det statlege og regionale el-nettet.

Direktøren takkar av

Utviklingsdirektør for Lyseparken, Fredrik Seliussen, har arbeidd aktivt for å løfte ambisjonane for Lyseparken som eit grønt prosjekt, med vekt på sirkulær energi. Etter seks år i Os kommune takkar Seliussen av ved årsskiftet, for å utvikle eigne prosjekt.
– Eg byrja i Os kommune med eit uttalt sjuårsperspektiv. No går Lyseparken over i ein ny fase som krevjer eit nytt sjuårsperspektiv, seier Seliussen. Han takkar leiarane sine i Os kommune for inspirerande samarbeid, og for stor fleksibilitet som har har gjort det mogeleg å  pendle frå Nordhordland og kombinere jobben som utviklingsdirektør med familieliv.
– Eg er stolt av det produktet Lyseparken er blitt, og er overtydd om at alt ligg til rette for suksess både kommersielt og samfunsmessig, seier Seliussen, som no ser fram til å vere til stades for familien og jobbe med eigne prosjekt og konsept.