Mannen bak kommunevåpenet

Gullsmed Johan D. Eide (56) med kommunevåpenet han har teikna for Bjørnafjorden. (Foto: Simen Soltvedt)

Endeleg er det offentleg kven som har teikna det nye kommunevåpenet for Bjørnafjorden kommune. Det er opphavsmannen sjølv svært glad for.
– Det har vore litt vanskeleg å halde tett. Det er jo mange folk innom i butikken, og av og til har samtalen pensa seg inn på kommunevåpenet. Då har eg bytta tema raskt, smiler han.

Os sitt kommunevåpen, teikna av Johan D. Eide senior i 1949.

Han gjekk ei god stund og venta på utlysinga av konkurransen om å formgi det nye kommunevåpenet for Bjørnafjorden.
– Då eg såg utlysinga av før-kvalifiseringa i avisa, sende eg inn ein søknad om å få delta i konkurransen. Eg har gått med denne ideen ei stund. Det er ei svært spennande oppgåve å formgi eit kommunevåpen. Samstundes er jo dette litt ekstra spesielt for meg og familien min, seier Johan D. Eide (56), gullsmeden på Os – no òg kommunevåpensmed.

Eplet og stammen
For det var sjølvsagt faren, gullsmed Johan D. Eide senior, som i 1949 teikna Os sitt eksisterande kommunevåpen. Våpenet med dei ni skulekrinsstjernene, oselvaren og osrosa skal no, 70 år seinare, bli avløyst av det sonen har teikna.

Fusa sitt kommunevåpen, teikna av Arvid Sveen i 1991.

Symbolikken vil nesten ingen ende ta.
– Eg har vore oppteken av at både osingar og fusingar skal kjenne seg att i kommunevåpenet, og føle at det representerer oss alle. Eg tenker at dette er to bølger som oselvaren rir på. Båten fossar i god fart mot framtida. Dei to spiralane under oselvaren symboliserer at det er to kommunar som skal bli til èin. Samstundes symboliserer dei fjorden som bind oss saman.  Dei som kjenner til rosemåling, kan kjenne att volutten inst i spiralen – den vesle «klumpen» der rosemålaren avsluttar penselstrøket sitt. Spiralane kan du òg sjå som jettegryter – og eit respektfullt nikk til dagens Fusa-våpen, seier gullsmeden, som bur på Haugsneset i Os og har hytte på Åse i Hålandsdalen i Fusa.

Johan D. Eide sr. i døra til butikken han opna i Askvikgården på Os i 1949 – det same året som han teikna Os’ eksisterande kommunevåpen. (Foto: Privat)

Johan D. Eide jr. fører familietradisjonen vidare både i butikken, på verkstaden og ved å lage kommunevåpen. (Foto: Simen Soltvedt)

Blått og gult
Av søkjarane til før-kvalifiseringa, valde juryen ut åtte søkjarar som leverte sine forslag til kommunevåpen anonymt. Nokre leverte fleire forslag, Eide leverte berre det eine. («Eg skreiv til og med grunngivinga på nynorsk for å kamuflere at det var meg.»)
Av dei 27 innsende forslaga, innstilte juryen Eide sitt forslag, nummer 22, som det beste.
– Eg valde sterke fargar og reine, enkle former fordi eg synest det passar best. Blått er fjorden sin farge, samstundes som det er ein Fusa-farge i dag. Gul- eller gullfargen passar godt med treverket i båten, og det er ein mykje bruka farge i rosemålinga. Gult er jo òg ein godt innarbeidd Os-farge, i og med at det er ein av fargane til Os Turn, meiner Eide.

Ein høydare
Han venta spent på avgjerda til juryen. Ein dag før jul kom kultursjef i Os og medlem i kommunevåpen-juryen, Lisbeth Axelsen, inn i butikken medan han stod med ein kunde.
Gullsmed Eide er svært oppteken av god kundeservice, men i akkurat dette tilfellet såg han fram til å få kunden ut av butikken så raskt som mogleg.
– Lisbeth smilte og sa berre: «Det blir i familien». Då blei eg veldig, veldig glad. Eg må seie at dette, for meg personleg, er ein høydare, som det heiter. Eg skulle verkeleg ønskje faren min hadde fått oppleve det, smiler han. – Men eg har no sagt det til han.
Gullsmed Eide senior grunnla bedrifta i 1943. Gullsmed Eide junior fekk sitt svennebrev i 1985, og tok deretter gradvis over familiebedrifta. I 1988 opna han butikken på Os Amfi og i 1995 i Rosendal. I fjor feira Gullsmed Eide AS 75-årsjubileum. Og det sluttar ikkje der.
I 2017 tok nemleg dottera Amanda (25) svennebrev i gullsmedfaget, og jobbar no saman med far Johan og mor Bente. («Vi seier at ho berre må begynne å førebu seg på neste kommunesamanslåing.»)

Bente og Johan D. Eide bak disken i butikken på Osøyro. (Foto: Simen Soltvedt)

Eit fruktbart samarbeid
Eide teikna vinnarforslaget for hand. I etterkant har han fått innspel frå mellom anna dei grafiske designarane Per Bækken og Kåre Mongstad til å reinteikne symbola og justere fargane.
– Det har vore ein fin prosess og eit fruktbart samarbeid, synest eg. Designarane har kome med sine idear, eg har kome med mine og saman har vi fått til noko bra, meiner Eide.
Reaksjonane på forslaget til kommunevåpen har i all hovudsak vore gode på begge sider av fjorden.
– Det er sjølvsagt veldig kjekt at folk likar det. Samstundes er det jo sjeldan slik at alle likar alt – smaken er ulik, uansett om det gjeld kommunevåpen eller smykke, seier han.

Det «gamle» kommunevåpenet vil framleis pryde sølvknappane på herrebunader i Os. (Foto: Simen Soltvedt)

Made in Bjørnafjorden
Kunstnaren bak vinnarforslaget kunne først offentleggjerast etter at både Fellesnemnda, kommunestyret i Fusa og kommunestyret i Os hadde gjort vedtak om forslaget til kommunevåpen. At fleire kommunestyrepolitikarar i Fusa tolka symbolikken i kommunevåpenet som at «Fusa held Os oppe», har opphavsmannen sans for.
– Hehe, den vinklinga likar eg. Eg håpar òg at både fusingar og osingar set pris på at kommunevåpenet for Bjørnafjorden er laga lokalt – ikkje av eit eller anna New York-basert designbyrå. Håpet mitt er at dette er eit symbol som alle bjørnafjordingar etter kvart kan kjenne at dei har ein del i.