Manntalet er lagt ut

For å kunne stemme ved valet til kommunestyret i Bjørnafjorden kommune og fylkestinget i Vestland fylke må du stå i manntalet. Manntalet er ei liste over alle som har stemmerett ved val i Noreg. Det er ikkje nødvendig å registrere seg eller på nokon måte melde seg inn i manntalet – alle som har stemmerett er manntalsført.

Styrt av folkeregisteret

Folkeregisteret ligg til grunn for manntalet. Kvar du er manntalsført og har stemmerett, er difor avhengig av kva kommune du er folkeregistrert som busett i per 30. juni i valåret. Dersom du registrerer flytting til ein annan kommune etter 30. juni i valåret, har du stemmerett i den gamle bustadkommunen din. Dersom du registrerer flytting før 30. juni i valåret, har du stemmerett i den nye bustadkommunen din.

Kva om eg bur i utlandet?

Som busett i utlandet er du som hovudregel innført i manntalet. Unntaket er om du har budd i utlandet i meir enn ti år. I så tilfelle må du søke om innføring i manntalet i kommunen der du sist var folkeregistrert for at stemma di skal bli godkjent.

Korleis kan eg sjekke om eg er manntalsført, og i kva for ein kommune?

Alle kommunar i Noreg er pålagt å skrive ut eit såkalla utleggingsmanntal, som blir gjort offentleg tilgjengeleg. Utleggingsmanntalet skal berre føreligge i papirutgåve, det er ikkje lov å publisere det elektronisk. Utleggingsmanntalet for Bjørnafjorden kommune er no tilgjengeleg i Kommunetorget på Os rådhus og i Kommunetunet i Eikelandsosen. Her kan du som veljar kontrollere dine eigne opplysningar, og eventuelt sende inn ein skriftleg klage til valstyret i Bjørnafjorden kommune dersom det er feil i manntalet.