Merkevare- og kulturbygging på møteplanen for Fellesnemnda

Bjørnafjorden midt i blinken? Bjørnafjorden inspirerer?

Fem ulike reklame- og kommunikasjonsbyrå er inviterte til Fellesnemnda sitt møte måndag 19. mars for å presentere korleis dei tenker vi bør jobbe med merkevare- og kulturbygging for Bjørnafjorden kommune.

Ein viktig del av strategiarbeidet for samanslåinga fram mot 2020 vil vere å bygge identiteten til den nye kommunen – eller kanskje rettare, å sjå korleis vi kan bygge identiteten i dei to kommunane saman. Kva har vi felles? Kva er forskjellig? Kva skal vere den raude tråden i Bjørnafjorden kommune, og kva for visjon, verdigrunnlag og strategiar skal den nye kommunen vere tufta på? For å kome i gang med dette, treng vi ein diskusjon om kva Bjørnafjorden kommune skal vere. Kva for verdiar skal ligge i botn av arbeidet vi skal gjere kvar dag og som innbyggarane skal møte når dei er i kontakt med ulike delar av kommunen? Kva vi skal strekke oss mot? Arbeidet vil vere eit viktig kulturbyggingsprosjekt, både internt og eksternt.

Dette er oppdraget:

  • Merkevareplattform, visjon, misjon, verdigrunnlag, «slagord»
  • Grafisk profil for ny kommune

Måndag 19. mars skal dei fire inviterte byråa fortelje korleis dei vil hjelpe oss å løyse denne store jobben. Deretter skal Fellesnemnda og administrasjonen saman finne ut kven av dei fem som skal få oppdraget.

Begge kommunane har kvar for seg vore gjennom liknande prosessar med val av verdiar og visjonar tidlegare. Fusa kommune har verdisettet «Romsleg», medan Os kommune har levd med «Os inspirerer» sidan 2006.