Å jobbe i Bjørnafjorden kommune: Slik vil bemanningsprosessen skje

1. januar 2020 bytter vi arbeidsgivar frå Fusa kommune og Os kommune til Bjørnafjorden kommune. Før den tid skal alle vi som jobbar her vere «innplasserte» i organisasjonen som det heiter, ha fått nye arbeidskontraktar og, ikkje minst, vere nøgde med prosessen vi har vore gjennom for å kome dit.

Jeanette Heggland er personalrådgivar i Fusa kommune/Bjørnafjorden kommune, og jobbar med å legge til rette for knirkefrie overgangar i personal- og lønnsområdet for den nye kommunen.
– Ein kommune er ein svært kompleks organisasjon. Her er det snakk om to kommunar med ulik organisering, ulike retningsliner, arbeidstider og rutinar for tilsetting. Vi har lovar og reglar å halde oss til, ting skal gå rett og rettferdig for seg. Dei tillitsvalde og verneomboda er viktige medspelarar gjennom heile prosessen. Dette må gjerast skikkeleg, og då tar det litt tid, seier ho.

Her kan du sjå den detaljerte planen for bemanning i Bjørnafjorden kommune.

Alle stillingar skal få ei funksjonsbeskriving og ei oversikt over kva som er nødvendig kompetanse for nettopp denne jobben. Leiarane skal ha «avklaringssamtaler» med sine medarbeidarar og slik få fram ønske, behov og tankar i samband med jobb i den nye kommunen.
– For å kunne bygge ein god og effektiv organisasjon, må vi jo vite kva folk kan. Slik kan kommunen utnytte kompetansen, og plassere rett person på rett stad, seier Jeanette.

Kabalen skal gå opp før neste sommar

Leiargruppa for Bjørnafjorden kommune er snart klar med den overordna organisasjonsmodellen. Fredag 15. juni skal kartet vere klart, og blir sendt ut til alle tilsette måndag 18. juni. I oktober vil einingsleiarar/mellomleiarar kome på plass, og avdelingsleiarar innan 1. april neste år.
Innan utgangen av april neste år, skal bemanninga av Bjørnafjorden kommune vere ferdigstilt. Bemanninga av Bjørnafjorden kommune skal skje trinnvis, der eitt og eitt nivå kjem på plass av gongen. Heile bemanningskabalen skal vere ferdig 30. juni neste år.


Intensjonsavtalen slår fast at ingen skal miste jobben som følge av samanslåinga. Samstundes skal to organisasjonar bli til éin, og då kan det hende at vi har fleire folk til dei same funksjonane enn nødvendig. Altså kan det hende nokre av oss må bytte beite internt i Bjørnafjorden kommune.
– Det er difor det er så viktig å gjennomføre desse avklaringssamtalene, slik at vi kan finne gode løysingar, seier Jeanette Heggland.

Personalkonsulent i Fusa kommune/Bjørnafjorden kommune, Jeanette Heggland. (Foto: Simen Soltvedt)