Monica er den nye helse- og omsorgssjefen

Monica Totland Melvold (47) er tilsett som kommunalsjef for helse og omsorg i Os, og etter kvart, Bjørnafjorden kommune. – Eg er glad, audmjuk og spent, seier ho.

– Eg er sikker på at Monica vil trivst i rolla og finne balansen mellom utvikling og stabil drift for dette store og svært viktige området. Eg er glad ho takka ja til stillinga, seier rådmann Christan Fredrik Fotland.

Monica Totland Melvold begynte som assisterande einingsleiar for Tenester for utviklingshemma i Os kommune i 2016. I januar 2018 blei ho prosjektleiar i kommunesamanslåingsprosjektet for tenesteutviklingsområdet, som omfattar helse, omsorg, oppvekst og kultur.
– Eg føler det er ein stor fordel at eg alt har fått eit godt innblikk i mange av tenestene på helse- og omsorgsfeltet. Samstundes føler eg behov for å bli endå betre kjent med enkelte tenester, og har planar om å få til ei slags hospiteringsordning i løpet av sommaren/hausten. Eg har ikkje alle planar klare – eg har jo nettopp fått beskjed om at jobben er min, ler Monica, som bur på Halhjem saman med mannen Atle, og er mor til Daniel (25) og Marius (21). Bergensarane gjorde osingar av seg i 2014 og har ikkje angra.

Svært dyktige tilsette ute i tenestene
Kva er så den ferske kommunalsjefen mest oppteken av?
-Tenesteutvikling! Gode tenester for innbyggarane. Tilsette som trivst, har ansvar og får jobbe sjølvstendig. Vi står overfor store utfordringar knytt til vekst på tenesteområdet. Desse utfordringane må vi saman finne smarte løysingar på, og ta i bruk teknologi der det er fornuftig. Dette handlar om å gi betre, tilpassa tenester kor den enkelte opplever meistring og medvirking i eige liv, seier Monica, som ønskjer å vere ein engasjerande, inkluderande og tydeleg leiar.
– Det er så mange dyktige leiarar og tilsette ute i tenestene! Det er dei som veit kor skoen trykker, og kva for løysingar som vil fungere eller ikkje. Eg vil gi dei rom for å tenke nytt, kome med idear og innspel, syte for god informasjonsflyt og sikre forståing for avgjerdene som blir tatt. Eg ser verkeleg fram til det vidare arbeidet med å bygge Bjørnafjorden kommune og halde fram det gode samarbeidet på begge sider av fjorden, seier Monica.

Lang praktisk erfaring
Som 18-åring begynte Monica som praktikant i barnehage, og tok etter kvart fagbrev som det som i dag heiter barne- og ungdomsarbeidar. I mange år jobba ho som miljøarbeidar i bufellesskap og dagsenter for psykisk utviklingshemma.
Ved sidan av jobben som miljøarbeidar, tok ho vernepleiarutdanning. Og ved sidan av jobben som vernepleiar og leiar for eit dagsenter, tok ho ein mastergrad i leiing på BI. Før ho kom til Os kommune, var Monica einingsleiar for Etat for tjenester til utviklingshemmede i Bergen kommune.
– Eg har lang erfaring frå operativ teneste, frå «golvet». Det tenker eg òg er verdifullt å ta med seg inn i denne rolla. Eg er oppteken av å gjere ting skikkeleg. Samstundes er eg oppriktig glad i menneske, og gler meg aller mest når eg får til ting til saman med andre. Det ligg ei enorm kraft i å tenke og jobbe på tvers av fag, tenester, evner og ressursar. Eg likar endring, og er ikkje redd for å gripe sjansane når dei byr seg, seier den nybakte helse- og omsorgssjefen for Os og Bjørnafjorden.

Monica startar formelt i den nye stillinga i august. Ho vil truleg kombinere stillinga som kommunalsjef med prosjektleiarrolla i kommunesamanslåingsprosjektet, men administrasjonen vil kome tilbake til korleis dette skal løysast på eit seinare tidspunkt.