NAV-leiar for Bjørnafjorden tilsett

Påtroppande leiar for NAV Bjørnafjorden, Jan Vidar Dammen-Hjelmeseth.

Jan Vidar Dammen-Hjelmeseth er tilsett som leiar for NAV Bjørnafjorden frå 1. januar 2020. Han blir òg statleg leiar for Region Midthordland, som omfattar kommunane Bjørnafjorden, Samnanger og Austevoll.

I Os er NAV delt i ei kommunal og ei statleg styringsline, og det er per dags dato ein leiar for kvar line. Med NAV Bjørnafjorden vil ein gå over til ein leiar for båe linene. Den nye NAV-leiaren håpar og trur at det kan bli ei god og effektiv løysing.
Fram til kommunesamanslåinga er Dammen-Hjelmeseth formelt tilsett i Os kommune, som prosjektleiar for etablering av det nye, samla NAV-kontoret.

Kan NAV og pendling over kommunegrenser

Sunnmøringen Dammen-Hjelmeseth kjem frå stillinga som kommunalsjef stab i Herøy kommune, der han har arbeidd sidan 2014. Det siste året har han pendla til Sunnmøre frå fast adresse på Nordnes i Bergen. Han er jurist, har befalsutdanning og har studert administrasjon og organisasjonsvitskap.
NAV-systemet kjenner han godt, etter mange år som sakshandsamar og etter kvart avdelingsdirektør i NAV Arna. I det regionale arbeidet i Midthordland trur Dammen-Hjelmeseth det kan vere positivt både at han har erfaring frå Sunnmøre med å samarbeide over kommunegrenser, og at han kjenner NAV Hordaland.

Ser fram til å bli kjent med Bjørnafjorden

– Har du gjort deg tankar om eventuelle utfordringar med det å skulle slå saman NAV i Os og Fusa samstundes som to styringslinjer skal samlast under ei leiing? 

Førebels har eg verken byrja i stillinga eller møtt dei nye kollegaene mine, så det er det vanskeleg å seie noko om no. Det kan godt hende det går leikande lett, seier Dammen-Hjelmeseth.
– Som prosjektleiar skal eg jobbe saman den nye organisasjonen. Akkurat korleis det blir, veit eg ikkje, for vegen dit er ikkje lagt enno.

Dammen-Hjelmeseth ser fram å bli kjent med Os og Fusa – og Bjørnafjorden. At Bjørnafjorden kommune er bunden saman av ein ferjetur, vippar slett ikkje ein sunnmøring av pinnen.

– Bjørnafjorden er porten til Hardanger, ein korridor til Sunnhordland og Rogaland, og inngangen til Bergen. Det er klart det er spennande med ein slik arbeidsmarknad, seier han.

Jan Vidar Dammen-Hjelmeseth sin første arbeidsdag som prosjektleiar for det nye NAV-kontoret blir 27. mai