Leirstein ny byggesaksleiar for Bjørnafjorden og Andaas konstituert plansjef for Os

Jan Egil Leirstein er tilsett som leiar for byggesaksavdelinga i Bjørnafjorden kommune. Leirstein er plan- og bygningssjef i Fusa kommune, og vil fungere som leiar for byggesaksavdelingane i begge kommunane fram til dei blir éi byggesaksavdeling i Bjørnafjorden kommune.

Jan Egil Leirstein er tilsett som leiar for byggesak i Bjørnafjorden kommune (Foto: Os og Fusaposten)

Asle Andaas blir konstituert som plansjef når noverande plansjef i Os kommune, Tina Sinclair, sluttar i juni. Andaas er kommuneplanleggjar i Os kommune, og tidlegare plansjef. Plansjef-stillinga vil bli lyst ut etter sommaren, slik at den som blir tilsett som kommunalsjef for Samfunnsutvikling kan vere med i prosessen.

Asle Andås er konstituert som plansjef i Os kommune fram til ny plansjef er tilsett.