Nytt frå lønns- og personalprosjekta: Rydding må til for at alle skal få rett lønn

Om knappe to månader skal bemanninga i Bjørnafjorden kommune vere ferdigstilt, som det heiter i milepælsplanen. Det betyr at alle vi som skal jobbe i Bjørnafjorden skal ha fått informasjon om stilling, avdeling og arbeidsstad innan 30. juni.
Før dette, innan utgangen av mai, skal einingsleiar og avdelingsleiar ha klart organisasjonskart med funksjonsbeskriving for stillingane.
Sjå den oppdaterte prosessen, eller framgangsmåten, for gjennomføringa av desse innplasseringane i den oppdaterte milepælsplanen.

Rydd for rett lønn til rett tid

Til hausten vil alle tilsette få brev om verksemdsoverdraginga, som denne kommunesamanslåinga heiter på fint, og nye tilsettingskontraktar for signering.
– Her jobbar vi med å få på plass ei digital løysing, slik at vi kan signere elektronisk med MinID, seier prosjektleiar for delprosjekta Lønn og Personal, Jeanette Heggland.
– Å få organisasjonsstruktur på plass er viktig på mange måtar, ikkje minst for å legge rett struktur inn i personal- og lønnssystemet vil skal bruke i Bjørnafjorden kommune. Dette begynner vi med i juni, og då er vi avhengige av at alle med personalansvar «ryddar» i oversikta over sine tilsette. Berre aktivt tilsette (fast tilsett, engasjement, vikar som jobbar regelmessig) skal vere registrerte som tilsette i Os eller Fusa kommunar. Då unngår vi masse ekstraarbeid i haust, og det er kritisk for å sikre at alle får rett lønn til rett tid i den nye kommunen.

Delprosjektet Lønn er no avslutta. Ei eiga arbeidsgruppe, leia av personalsjef Eva Røttingen, skal jobbe vidare med lønnsharmonisering og lønnspolitikk for den nye kommunen.