Nytt gardsnummer for alle eigedomar i Fusa kommune

Foto: Kartverket

På grunn av samanslåing av matrikkel og grunnbok i nye Bjørnafjorden kommune blir alle gardsnummer i Fusa endra 1. januar 2020. Det er Statens kartverk som styrer og gjennomfører denne prosessen, og grunneigarar treng ikkje gjere noko sjølve.  Den nye nummerserien er godkjent av Kartverket.

Legg til 100

Endringa gjeld alle grunneigedomar, festetomter, seksjonar og jordsameige i Fusa kommune. Alle får lagt til 100 på gardsnummeret sitt. Dette vil til dømes seie at eigedomar med gardsnummer 6 blir 106 og eigedomar med gardsnummer 106 blir 206 osb. Her finn du eit oversyn over gamle og nye gardsnummer i Os og Fusa.

Kommunen er ansvarleg for å varsle om nye gardsnummer. Dersom det gjeld mange einingar, kan kommunen varsle gjennom lokalmedia eller kommunal informasjon
(jf. matrikkelforskrifta kap. 3 § 10 andre ledd).

Endringa trer i kraft og vil vere synleg i eigedomssøk og oppslag mot matrikkel og grunnbok frå 1. januar 2020.

Når kommunar blir slått saman eller kommunegrenser blir endra, medfører dette som hovudregel større endringar i gardsnummerseriane. Kartverket er sentralt matrikkelmynde, og skal godkjenne oppretting av nye gardsnummer og andre større endringar i gardsnummerseriane. Vil du vete meir om avgjerdene som ligg bak dei nye gardsnumra? Då kan du sjå nærare på  retningslinje for omnummerering av matrikkeleiningar ved kommunesamanslåing og justering av kommunegrense, som er førande for arbeidet.

Stenger matrikkelen

Når kommunereforma trer i kraft 1. januar 2020, blir 109 av landets kommunar slått saman til 43, og 13 fylke blir seks.  For at Statens kartverk skal få oppdatert til ny kommune- og fylkesstruktur, stenger matrikkelen fredag 13. desember. Grunnboka stenger fredag 27. desember.

For å redusere risikoen for feil, tilrår Kartverket at kommunane sender saker til tinglysing seinast 29. november dersom dei må vere ferdigbehandla før årsskiftet.