OI, eit organisasjonstannhjul!

Nå er det klart korleis eininga som har fått namnet Organisasjon og innovasjon, populært kalla OI, skal vere organisert i Bjørnafjorden kommune.

– OI har ikkje eit organisasjonskart, vi har eit organisasjonstannhjul, seier OI-sjef, Elisabeth Farstad. – Dei ulike boksane illustrerer tannhjul som viser at vi er avhengige av kvarandre for å få hjula til å gå rundt. Her er òg nokre rollebeskrivingar som eg håpar vil kjenneteikne alle som skal jobbe i OI i åra framover.

Organiseringa reflekterer i stor grad dei tilsette sine innspel frå ei samling 17. august.

Slik blir Organisasjon og innovasjon organisert i Bjørnafjorden kommune.

Oppgåver, ikkje stillingar

Dei ulike avdelingane får ansvar for dei oppgåvene som er beskrivne. Det er ikkje snakk om stillingar eller enkeltpersonar, men ansvar for sjølve oppgåvene eller funksjonane.

Usikkert om beredskap og folkehelse skal inn i OI

Oppgåvene beredskap og folkehelse har spørjeteikn etter seg. Dette er fordi desse oppgåvene ikkje er endeleg «plasserte». Det er ikkje sikkert beredskap og folkehelse blir lagt til OI. Men sidan mange har spela inn at desse oppgåvene bør ligge til OI, har OI-sjefen plassert dei der fleire av dei tilsette meiner at dei i så fall vil høyre heime i OI-strukturen. Det blir opp til rådmannen og leiargruppa å avgjere kor desse oppgåvene skal plasserast.

Lokalisering kjem seinare

Rådmannen skal ta stilling til lokaliseringa av dei ulike oppgåvene/funksjonane (ikkje enkeltstillingar) innan årsskiftet.

Avdelingsleiarar kjem seinare

Arkiv, Dialog, ITHjelpa og Kvalitet vil ha kvar sin avdelingsleiar. Kven som skal vere avdelingsleiarar, vil blir klart innan tidsfristane som er sett i milepælsplanen for bemanning i Bjørnafjorden kommune.

Tankevekkarane

«Tankevekkarane» i midten er rådgivarar som jobbar for rådmannen, OI-avdelinga og dei andre kommunalområda, men som vil vere organiserte under OI. Ei liknande organisering finn vi i Samfunnsutvikling, økonomi og service (SØS) i Fusa i dag.

Har du spørsmål? OI-sjef Elisabeth Farstad svarer deg gjerne.