Oktan Bergen skal hjelpe Bjørnafjorden med profil- og identitetsjobben

I vår inviterte vi fem ulike reklame- og kommunikasjonsbyrå til å presentere korleis dei tenker vi bør jobbe med merkevare- og kulturbygging for Bjørnafjorden kommune. Etter den innleiande runden, leverte tre av byråa eit tilbod og løysingsforslag for oppdraget.

Dette er oppdraget:

  • Merkevareplattform, visjon, misjon, verdigrunnlag, «slagord»
  • Grafisk profil for ny kommune

Bjørnafjorden midt i blinken? Bjørnafjorden inspirerer? Les meir om bakgrunnen for oppdraget.

MK Bergen, Picapoint og Oktan Bergen leverte tilbod, som alle oppfylte kvalifikasjonskrava. Prosjektgruppa for profil- og identitetsarbeid, som består av ordførarar og rådmenn i begge kommunane, næringssjef og kommunikasjonsrådgivar i Os kommune, vurderte tilboda på løysingsforslag, referansar, personell og arbeidsprosess. Etter ei heilskapleg vurdering, valde prosjektgruppa Oktan Bergen som samarbeidspartnar i profil- og identitetsarbeidet for Bjørnafjorden kommune.

– Oktan hadde eit kort og ryddig løysingsforslag, og ein svært godt skildra framdriftsplan og prosjektoversikt. Dei har gode referansar frå liknande oppdrag og eit godt og erfarent team. Vi føler oss trygge på at Oktan vil vere ein god samarbeidspartnar og gler oss veldig til å kome i gang, seier prosjektansvarleg og næringssjef i Os kommune, Daniel Skotheim.