Organisasjon i endring

Når vi skal etablere Bjørnafjorden kommune, og plassere tilsette frå Fusa og Os kommune i den nye organisasjonsmodellen, er det viktig at alle tilsette kjenner seg informerte om kva som skjer.
På denne sida har vi samla lenker til avtalar, rutinar og planar knytt til omstillingsprosessen.

Dette er dei grunnleggande dokumenta for omstillingsprosessen:

Kommunesamanslåing og omstilling skal vere fast tema på personalmøte og i medarbeidarsamtalar.
Alle er sikra jobb i Bjørnafjorden kommune, og dei fleste vil halde fram i den jobben dei har i dag.  Nokre vil få andre oppgåver enn dei har i dag, og difor er det viktig å ha avklaringssamtaler.

Kva går ein avklaringssamtale ut på?

I avklaringssamtalen får den tilsette formidle tankar om framtida si i Bjørnafjorden kommune. I denne samtalen skal leiar lytte og notere ned det den tilsette seier. Vi kan ikkje love ny eller endra stilling, men samtalen gir tilsette ei moglegheit til å bli høyrde. Sjå malen for avklaringssamtalen i punktlista over.

Kva er omstillingsutvalet?

Omstillingsutvalet skal ha oversikt over bemanninga i den nye kommunen – i hovudsak administrative stillingar og leiarstillingar. Det er leiarane som har ansvaret for å gjennomføre avklaringssamtalane og gi informasjon vidare, omstillingsutvalet skal ha oversikt og koordinere.
Omstillingsutvalet skal  ha oversikt over til dømes kven som er plasserte og ikkje, kor vi har ledige stillingar og kven som ønskjer å gå av med pensjon. Når ei avdeling eller eining ønskjer å lyse ut ei stilling, vurderer omstillingsutvalet om vi alt har aktuelle kandidatar ein annan stad internt i organisasjonen eller om stillinga må lysast ut eksternt.

I omstillingsutvalet for Bjørnafjorden kommune sit personalsjef i Os/Bjørnafjorden kommune, Eva Røttingen; personalrådgivar i Fusa/Bjørnafjorden kommune, Jeanette Heggland; hovudtillitsvald for Delta Os, Åse Gjerde og hovudtillitsvald for Fagforbundet Fusa, Siw-Ingrid Kaland

Viktig informasjon frå avklaringssamtalar, til dømes ønske om å gå av med pensjon, må formidlast til omstillingsutvalet, slik at vi kan syte for ein så god og effektiv bemanningsprosess som mogleg.

Saknar du noko eller har du spørsmål? Ta kontakt med leiaren din eller ein tillitsvald.
Sjå oversikt og kontaktinformasjon til tillitsvalde i kommunesamanslåingsprosjektet.