– Openheit skal gjere litt vondt

Du og eg er faktisk på jobb for å forvalte fellesskapets ressursar og verdiar.

Kurt O. Bjørnnes har kursa over 30 000 offentleg tilsette i dei viktigaste forvaltningsreglane. 20. mars var det 70 saksbehandlarar og leiarar i framtidige Bjørnafjorden kommune sin tur.

Kor ofte tenker du over kva du eigentleg gjer som tilsett i kommunen?
Med jamne mellomrom er det både smart, motiverande og tvingande nødvendig å løfte blikket frå skjermen, reknearka og vedtaksbreva, og reflektere over dei overordna prinsippa vi som driv kommunen skal styre etter.
Synest du det høyrest tørt ut? Då er ikkje du ein av dei 70 som var på kurs med Kurt O. Bjørnnes sist veke. Onsdag 20. mars var saksbehandlarar og leiarar samla i Kommunestyresalen i Os rådhus til kurs i forvaltningsloven* og offentleglova** – eit «praktisk kurs om viktige forvaltningsreglar for kommunal sektor.»
Kurt O. Bjørnnes er advokat og formidlar med caps lock på. I tillegg til å drive advokatpraksis i Skudeneshavn, har Bjørnnes dei siste 20 åra reist land og strand rundt og kursa offentleg tilsette i stat og kommune i forvaltningsrett, kommunalrett, arbeidsrett og personvern. Over 30 000 personar har vore på kurs med den frittalande forkjemparen for dei overordna prinsippa for styringsmodellen for samfunnet vårt.

Kontrollere makta
– Det er berre èi lov som er tørrare enn forvaltningsloven, og det er lov om forbod mot tilverking av potetmjøl, innleier Bjørnnes.
– Samstundes er forvaltningsloven og offentleglova sjølve grunnmuren for offentleg sektor. Desse spelereglane må vere på plass for at de som tilsette i kommunen kan forvalte fellesskapets verdiar og ressursar på ein ordentleg måte. Tenk for eit ansvar de har! De har makt til å utøve myndigheit, fråta og gi folk rettar og verdiar på fellesskapets vegne. Likevel er det forbausande mange som kjem inn i det offentlege og trur at her er det fritt fram for å styre litt som ein vil. Lat meg seie ein ting klinkande klart: DET ER DET IKKJE. Reglane er der for å kontrollere makta og hindre dykk, makta, i å oppføre dykk som om kommunen var dykkar eiga private leikegrind. Vi vere prinsipielle, og ikkje la vere å ta ansvaret vårt fordi vi er redde for å bli upopulære. Eg ser at mange kommunar er voldsomt opptekne av omdøme. Herregud, ein kommune har ikkje behov for omdøme – ein kommune treng at folket har tillit til at han tar ansvar og gjer som han skal, meiner Bjørnnes.

– Om ikkje de som er fagfolk uttaler dykk prinsipielt og tydeleg i saker, kven skal då få sette dagsorden i samfunnet vårt? BLOGGARANE?

– Veldig relevant og interessant, seier Tonje Horne og Astrid Havsgård, som begge er konsulentar i undervisningseininga i Fusa kommune.

Openheit endrar åtferd
– Forvaltninga skal ikkje jobbe i fred, ho skal jobbe for folket! Openheit endrar åtferd. Dersom ingen kan kontrollere at vi gjer som vi seier, så sluttar vi å gjere som vi seier. Difor er prinsippet om openheit heilt grunnleggande i offentleg forvaltning, meiner Bjørnnes, og trekker fram innføring av rett til journalinnsyn som eit eksempel. Fram til 70-talet hadde ikkje pasientar rett til innsyn i eigen journal. Dette førte til at helsepersonell journalførte ting som det ville ha vore utenkeleg å skrive om pasienten kunne ha lese dei.
– Eg har sjølv gått gjennom gamle pasientjournalar, kor det til dømes står «Pasienten er like imbesil som sin mor». Mange av desse gamle journalane er tragisk lesnad, og eit vitnesbyrd om korleis det kan gå når makta ikkje blir kontrollert, meiner han. – Folket skal kontrollere makta. Difor må makta vere open og gjennomsiktig. Det betyr sjølvsagt ikkje at det ikkje vil gjere litt vondt å vere open innimellom. Dokumentinnsyn er mogleg nettopp for at folket skal kunne kontrollere kva den ikkje-folkevalde administrasjonen held på med. Dersom administrasjonen unntar både det eine og det andre frå offentlegheita for å vere på den sikre sida eller fordi saka er kontroversiell eller avgjerda upopulær, risikerer vi å få eit samfunn kor makta gjer som ho vil og der avgjerder blir tatt i lukka rom eller på gangen – utan referat eller formelle vedtak, åtvarar Bjørnnes.

– Vi sluttar vel ikkje å vere tenkande menneske fordi om vi begynner å jobbe i kommunen, gjer vi vel?

Sluttar kommunetilsette å tenke?
– Ei anna problemstilling som ofte dukkar opp, er spørsmålet om når ein skal få lov til å ytre seg på jobb. Mange trur diverre at det ikkje er lov å uttale seg om ting ein har greie på fordi det på ein eller annan måte bryt med teieplikta. Dette bryt jo med sjølvaste ytringsfridomen – ein grunnleggande menneskerett som er nedfelt i Grunnlova. Vi sluttar vel ikkje å vere tenkande menneske fordi om vi begynner å jobbe i kommunen, gjer vi vel? Så lenge du ikkje deler nokon sine private opplysningar, er bevisst på kva hatt du har på når du uttaler deg og ikkje skadar kommunen sine legale interesser unødig, er det klart du må meine noko! Det kan jo ikkje vere slik at dei einaste som vågar å uttale seg om viktige ting er dei som ikkje har peiling? Om ikkje de som er fagfolk uttaler dykk prinsipielt og tydeleg i saker, kven skal då få sette dagsorden i samfunnet vårt? BLOGGARANE? grøsser Bjørnnes.

Engasjerte og blide kursdeltakarar: (f.v.) Benedicte Haugland og Lillian Slettevold frå barneverntenesta.

Om lovgrunnlaget er tørt og kjøleg som lovtekster flest, er Bjørnnes sitt kurs fullt av saftige eksempel, historier, humor og alvor – og invitasjonar til diskusjon rundt sentrale prinsipp.
– Dette kunne fort ha vore dørgande kjedeleg, men kurshaldaren er så god at tida flyg, seier Tonje Horne og Astrid Havsgård, som begge er konsulentar i undervisningseininga i Fusa kommune.
– Han tar opp mange relevante og interessante spørsmål som vi møter til dagen, ikkje minst når det gjeld habilitet, meiner dei to.
Benedicte Haugland og Lillian Slettevold i barneverntenesta er òg oppglødde, trass i ein heil dag med lovar og reglar. – Så konkret, engasjerande og nyttig! Alle tilsette burde ha vore her, skryt dei to.
Mathilde Ilper Johnsen, arealplanleggar i Os kommune, er einig. – Dette er veldig matnyttig. Det er viktig med ei påminning om bakgrunnen for det vi held på med. Lova er jo faktisk jobben vår!

Nytt kurs i mai
Kravet til innsyn og tilgjengeleggjering aukar stadig for kommunane. Martha Heggland er leiar for Dokumentsenteret i Os kommune, og i framtidige Bjørnafjorden kommune, og tok initiativ til å arrangere kurset:
– Inngåande kjennskap til forvaltningsloven og offentleglova burde vere obligatorisk for alle leiarar og saksbehandlarar i kommunen. Mange i kommunen kjem frå privat sektor, meg sjølv inkludert, og vi har manglande kjennskap til reglane som gjeld for offentleg forvaltning. Då adopterer ein fort etablerte rutinar frå kollegaer, utan at desse nødvendigvis er i tråd med regelverket, seier Heggland.
– Vi ser at mange leiarar og saksbehandlarar er usikre når det kjem til innsyn og dokumenthandtering, og vi ser ulik praksis på same rutine. Kva skal i arkiv? Kva skal graderast? Vi behandlar klager på avgjerder som er «driftsoppgåver», ikkje enkeltvedtak, og som vi difor kunne ha avvist.
– Eg har fått berre positive tilbakemeldingar på kurset. Deltakarane melder om høg nytteverdi, og at «dei andre på avdelinga mi burde absolutt tatt dette kurset». Difor vil vi prøve å få til det same kurset på nytt i mai. Vi kjem tilbake med meir informasjon, lovar arkivleiar Heggland.

 

* og **Namn på lover skal skrivast i den målforma lova er skriven i, altså på bokmål eller nynorsk.