– Oppfyller intensjonsavtalen og vel så det

Dei aller fleste og største tenestene i Bjørnafjorden kommune skal ligge akkurat der dei ligg i dag, og dei aller fleste tilsette vil ha nett same arbeidsplass. Unntaket er nokre stillingar knytte til administrasjonen, som vil bli fordelte mellom kommunesenteret på Osøyro og kommunedelsenteret i Eikelandsosen.

Kommunetunet i Eikelandsosen ligg ved sjøkanten, omkransa av Fusa vidaregåande skule (til venstre på biletet) og Fjord’n senter til høgre. Byggearbeidet rett bak Kommunetunet skuldast ei utviding av Fjord’n senter på om lag 4600 kvadratmeter. Nybygget skal huse butikkar og kontor av ulike slag. (Foto: Knut Revne, Fusa kommune)

Fordeling av arbeidsplassar

Intensjonsavtalen er hovuddokumentet dei to samanslåingskommunane arbeider etter, og i punkt 4.2 står det:

«….Kommunale arbeidsplassar skal fordelast mellom dei to kommunehusa og andre kommunale arbeidsstadar. Arbeidsplassar vert fordelte om lag som i dag. Eikelandsosen vert kommunedelsenter i Bjørnefjorden kommune, og skal styrkast ved fordeling av funksjonar. Det skal leggjast vekt på å byggje opp robuste og heilskaplege fagmiljø både i Eikelandsosen og Osøyro.»

Mykje av debatten i Fellesnemnda for Bjørnafjorden kommune har dreia seg om talet på arbeidsplassar ved Kommunetunet i Eikelandsosen ved overgangen til Bjørnafjorden kommune.

Arbeidsplassar på Kommunetunet i Eikelandsosen:

Tabellen viser talet på arbeidsplassar i mai 2016 og det vi i dag forventar vil vere behovet frå 2020.

Teneste Mai 2016 Behov frå 2020

(Status per 29.08.19)

Landbruk 4 5
Tekniske tenester 3 7
Brann/feiing 2-3 3
Kultur (eks. helgevakter i biblioteket i små stillingar) 2 2
Arkiv 3 + 60 % engasjement 12
Rådgjevarar 4 3
Økonomi/løn/skatt 5 5
Personal 0 3
IT 3 3
Politisk og administrativ leiing 3 (ordførar, rådmann, kommunalsjef) 0
Sum 29-30 43

Som tabellen syner, blir det truleg ein auke i tilsette med kontorplass i Kommunetunet i Eikelandsosen. Talet på kontorplassar på rådhuset i Os vil truleg òg auke.

– Mange vil jobbe på begge sider av fjorden

– Eg er nøgd med korleis kabalen har gått opp, seier rådmann Christian Fredrik Fotland.

– Det aller viktigaste er at tenestetilbodet blir endå betre og meir tilgjengeleg for innbyggarane, ikkje kor dei tilsette har oppmøtestaden sin, seier rådmann i Os og framtidige Bjørnafjorden kommune, Christian Fredrik Fotland.

– Nokre har vore bekymra for at Kommunetunet skal tømmast for folk frå 2020. Det er slettes ikkje tilfelle. Samstundes må vi ikkje vere så opphengte i akkurat kor dei tilsette skal ha kontorplass eller oppmøtestad. Sjølv om ein har oppmøtestad eller kontorplass på den eine eller andre sida av fjorden, vil ofte noko av arbeidet gå føre seg på hi sio. Slik sett vil det vere langt større aktivitet i Kommunetunet enn tala i tabellen tilseier, sidan mange med oppmøtestad eller kontorplass i Os, ofte vil ha arbeidsdagar i Eikelandsosen, understrekar Fotland. – Dette gjeld mellom anna tenester som barnevern og PPT.

– Betre tenester er det viktigaste

– Det aller viktigaste er at sameining av tenestene frå dei to kommunane vil gjere tenestetilbodet endå betre og meir tilgjengeleg for innbyggarane, ikkje kor dei tilsette har oppmøtestaden sin. Ein styrka organisasjon vil gjere oss mindre sårbare for sjukdom og fråvær. I ein del tilfelle vil det òg vere eit poeng i seg sjølv at det er større avstand mellom den som gir tenestene og den som mottar dei, seier Fotland.