Os og Fusa blant dei beste i landet

Os og Fusa er best i Hordaland på det siste kommunebarometeret før kommunesamanslåinga. (Skjermknips frå kommunal-rapport.no)

På veg mot Bjørnafjorden kommune gjer både Os og Fusa det skarpt med høvesvis 6. plass og 10. plass på Kommunebarometeret 2019. Dette er eit kraftig byks opp frå i fjor for begge kommunane. I 2018 var Os nummer 46 og Fusa nummer 108 av landets 422 kommunar.

Kommunebarometeret (KB) er ei måling Kommunal Rapport publiserer kvart år, der kommunane blir rangerte etter 151 nøkkeltall på tvers av 12 ulike sektorar. Sektorane er vekta ulikt. Grunnskule og pleie og omsorg tel mest, kvar med 20%. På grunnskule har Fusa klatra frå 198. til 68. plass frå i fjor til i år, og Os frå 164. til 77. plass. Begge kommunane skårar òg høgt i sektoren pleie og omsorg, der Fusa er nummer 31 og Os 71 av alle kommunar i landet. Økonomi tel 10% av totaltabellen. Der er Os på 25. plass mot 65. i fjor, medan Fusa har klatra frå 278. til 259. plass.