På veg mot eit «vi»

Vi både snakkar og høyrer mykje om utvikling av felles kultur, å finne beste praksis og å lære av kvarandre. Men korleis gjer vi det eigentleg i praksis? Når over tusen kommunalt tilsette, fordelte på eit titals einingar og avdelingar som har styrt på med sitt i årevis (med ein fjord imellom seg), plutseleg skal høyre til same avdeling og teneste? Og gi brukarane likeverdige tilbod?
Prosjektgruppa som jobbar med tenester til utviklingshemma i framtidige Bjørnafjorden kommune kan ha funne oppskrifta.

– Eg har gått frå å vere veldig skeptisk til samanslåinga, til å gle meg og berre sjå fordelar for brukarane og oss tilsette, seier Jorunn Gjøen frå Tiltak til funksjonshemma i Fusa kommune (nummer 2 frå venstre). Ho har deltatt på «Mitt livs ABC» saman med mellom andre Torill Skibenes frå Fusa kommune (til venstre) og Anne Turi Kvittingen (til høgre) og Therese Søndergaard (lengst til høgre), begge frå Tenester for utviklingshemma i Os kommune.

– Det er ikkje nok med planar og strategiar. Det handlar om å utnytte dei moglegheitene som byr seg til å møtast og bli kjende med kvarandre. Vi fekk ei gyllen moglegheit då tilbodet om å delta i «Mitt livs ABC» dukka opp i fjor sommar. Då heiv vi oss rundt og melde oss på som Bjørnafjorden kommune, sjølv om den nye kommunen strengt tatt ikkje finst enno, fortel assisterande einingsleiar for Teneste for utviklingshemma i Os kommune og etter kvart Bjørnafjorden kommune, Anne Turi Kvittingen.

Stort og komplekst

I Os kommune er tenesteområdet delt i to: tenester for vaksne og avlasting for barn og unge. I Fusa kommune er tenester til barn og vaksne organisert under same eining. I Bjørnafjorden kommune vil tilbodet til barn og vaksne med utviklingshemming bli organisert i to ulike einingar, slik det er i Os kommune i dag. Tenester til vaksne personar med utviklingshemming vil ha over 300 tilsette fordelte på 155 årsverk og om lag 100 tenestemottakarar, fordelte på åtte bufellesskap og to dagsenter. Det vil vere avlastningstilbod til barn på begge sider av fjorden, med om lag 40 årsverk. I tillegg vil ein god del brukarar halde fram med å motta tenester i heimen.

«Mitt livs ABC» er eit nasjonalt opplæringstilbod utarbeidd av Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse på oppdrag frå Helsedirektoratet. Formålet er å styrke kompetansen i tenestene til personar med utviklingshemming. På fellessamlingar og gjennom gruppearbeid får dei tilsette auka kompetanse innan  utviklingshemming, og utfordringar i samband med mellom anna kommunikasjon, etikk, helseopplæring, arbeid og dagtilbod. I tillegg får dei innføring i andre relevante tema som bruk av tvang og makt og aktuelt lovverk.

Kulturbygging gjennom fag

I Teneste for utviklingshemma (TFU) og Tiltak til funksjonshemma (TTF), som er namnet på den tilsvarande eininga i Fusa kommune, jobbar mange ulike yrkesgrupper – alt frå vernepleiarar og sjukepleiarar, hjelpepleiarar og helsefagarbeidarar til sosionomar, lærarar, førskulelærarar, ergoterapeutar, fysioterapeutar, ufaglærte og studentar.
– Fagfeltet vårt er utruleg komplekst og vi treng alle yrkesgruppene. Samstundes treng vi at alle tilsette har meir kunnskap om utviklingshemming. Gjennom «Mitt livs ABC» hevar vi grunnkompetansen til dei tilsette. Det er enklare og meir inspirerande å bygge seg saman når vi har ein felles fagleg plattform og ei felles forståing for oppgåvene vi skal løyse, seier Kvittingen.
– Det er jo nettopp det som er kulturbygging, er det ikkje?

Vinn-vinn-vinn-situasjon

30 deltakarar, 20 frå Os og 10 frå Fusa, er med i denne runden av «Mitt livs ABC». Utdanninga strekk seg over eitt år, med felles fagseminar saman med Øygarden, Sund, Fjell, Askøy og Austevoll, Hovuddelen av opplæringa går føre seg i gruppearbeid. Bjørnafjordingane er delte inn i seks grupper med jamn fordeling av osingar og fusingar på kvar gruppe. Gruppene er sett saman på tvers av avdelingar, yrkesgrupper og fagkompetanse. Deltakarane bytter på å reise over fjorden, og til dei ulike arbeidsstadane.

– Vi ser at dette har vore veldig positivt for å bygge gode fagmiljø, men ikkje minst for å bygge fellesskap og knytte saman einingane på kvar side av fjorden. Vi blir kjende med kvarandre og dei ulike arbeidsstadane våre. Det er ein utruleg nyttig og effektiv måte å få oversikt over eininga på – å løfte blikket frå akkurat «min vesle arbeidsstad». Vi utvekslar erfaringar og finn alt vi har felles  – og kva vi kan lære av kvarandre. Prosjektgruppa vil absolutt anbefale at vi held fram med «Mitt livs ABC» til hausten. Dagens deltakarar går vidare til neste nivå, medan nye deltakarar startar opp. Vi får så mykje att! Innhaldet i kurset er veldig bra og gir oss auka kunnskap, samstundes som vi blir kjende med kollegaene våre og sikrar tverrfagleg samarbeid. Dette kjem både brukarane, tilsette og kommunen som arbeidsgivar til gode, det er vinn-vinn-vinn, smiler Kvittingen, som sjølv deltar i ei av gruppene.

– Føler meg trygg

Tilbakemeldingane frå dei andre deltakarane er òg svært positive.
– Eg må ærleg innrømme at eg var skeptisk til korleis det ville bli å jobbe i den nye kommunen. Kven blir sjefen min? Kor skal arbeidsplassen min vere? Slike spørsmål uroa meg. Eg var redd for at vi på Fusa ville bli slukt av Os, og at arbeidsdagen vår ville bli veldig annleis, seier Jorunn Gjøen, som er sjukepleiar i TTF i Fusa kommune.
– Deltakinga på «Mitt livs ABC» har endra alt det. No kjenner eg folka i tenesta på tvers av fjorden og veit at dette vil føre til noko endå betre. Eg gler meg til kvart møte i gruppa – og til vi alle blir èi eining på ordentleg, smiler Gjøen. – Tryggleik i arbeidssituasjonen er heilt avgjerande, og dette har så absolutt vore med på å gi meg den tryggleiken eg treng, seier ho.
Kollega på hi sio, Therese Søndergaard, er einig i at det er inspirerande og motiverande å besøke dei andre bufellesskapa og utveksle erfaringar. – Vi har mykje felles, og det er utruleg lærerikt å besøke kvarandre, seier ho.

– «Mitt livs ABC» har gitt oss naturlege møtepunkt, slik at vi har blitt kjende med kvarandre. Gevinsten er enorm, både fagleg og sosialt, seier assisterande tenesteleiar i TTF i Fusa, Torill Skibenes.
– Tenk om resten av kommunen gjorde det same!