Politivedtekt for Bjørnafjorden kommune på høyring

 

Fellesnemnda for Bjørnafjorden kommune vedtok i møte 17. juni 2019, sak 47/2019, å legge  framlegg til Forskrift om politivedtekt for Bjørnafjorden kommune ut til offentleg ettersyn.

Frist for å koma med innspel er 1. september 2019.

Eventuell høyringsuttale kan sendast Os kommune, Postboks 84, 5202 Os eller på e-post til postmottak@os-ho.kommune.no.
Du kan òg fylle ut høyringsskjema på nett. Skjema finn du på oskommune.no/uttale
Merk høyringsuttalen med saksnummer 19/2361.

Framlegg til forskrift om politivedtekt er planlagt endeleg handsama i Bjørnafjorden kommunestyre sitt konstituerande møte 29. oktober 2019.I framlegget til ny politivedtekt for Bjørnafjorden kommune er det tatt utgangspunkt i Os og Fusa kommunar sine gjeldande vedtekter. I tillegg har fellesnemnda fletta inn endringane som har kome i normalpolitivedtekta frå Politidirektoratet, rundskriv 02/2018, datert 13.02.2018.

Føresegnene i normalpolitivedtekta seier kva som kan regulerast i politivedtekt med heimel i politiloven § 14. Det er opp til den einskilde kommune, i samarbeid med politiet, å avgjere kva føresegner som skal takast med i den lokale forskrifta.

Her finn du framlegget til Forskrift om politivedtekt for Bjørnafjorden kommune.