Prosjektet NAV Bjørnafjorden er i gang

 

Bilete syner prosjektgruppa i arbeid med «Personas». Frå venstre: Julie Sørås Storebø, Irene Førævik, Olav Kvinge, Kristin Risøen, Jan Vidar Dammen-Hjelmeseth, Cecilie Eidebakken og Olga Bjørge.

NAV-tilsette i Os og Fusa, i tillegg til flyktingetenesta i Fusa kommune, gjennomførte før sommarferien første workshop, og er såleis godt i gang med prosjektarbeidet. På workshopen blei det arbeidd med etikk, forslag til arbeidsgrupper, mandat og avstemming over forslag på visjon for NAV Bjørnafjorden. Ifølgje prosjektleiar Jan Vidar Dammen-Hjelmeseth var tilbakemeldiga frå medarbeidarane at det var godt å kome i gang.

Visjon og kjerneverdiar

Prosjektgruppa tok med seg alle innspel frå worskhopen og jobba vidare med forslaga. Etter gode drøftingar blei prosjektgruppa samd om prosjektgrupper, visjon og forslag til mandat. Følgjande arbeidgrupper blei bestemt:

  1. Organisasjon og tenesteinnhald
  2. Tenesteutvikling og marknad
  3. Kompetanse og digitalisering
  4. Lokale og IKT
  5. Kultur og kommunikasjon

Visjonen og kjerneverdiane for NAV Bjørnafjorden blei «NAV Bjørnafjorden – sterkare saman for gode tenester» og «Kompetanse, truverd og respekt».

Prosjektgruppa har i tillegg gjennomført opplæring i prosjektarbeid, og har fått innsikt i innovasjonsverktøya «Tenestedesign» og «Personas».
– Vi har bestemt oss for å gjennomføre ytterlegare opplæring innan innovativt arbeid og kontinuerleg forbetringsarbeid, og det vil bli arrangert fleire felles workshopar seinare i prosjektperioden, seier prosjektleiar Dammen-Hjelmeseth.
Prosjektgruppa har avgjort inndeling i prosjektarbeidgrupper, og alle medarbeidarar har fått vite kva arbeidsgrupper dei skal jobbe vidare i. Prosjektleiaren har etter dette utarbeidd endeleg forslag til prosjektmandat og -plan, for godkjenning i partnerskapen.