Rådmann for den nye kommunen vart tilsett under møte med Fellesnemnda måndag 18. september 2017. Christian F. Fotland er tilsett som prosjektansvarleg for kommunesamanslåinga, og vert ny rådmann for Bjørnafjorden kommune. Nils-Petter Borge vert assisterande rådmann. No er arbeidet med kommunereforma i full sving og fleire prosjekt står for døra.  

Bli betre kjent med rådmann for Bjørnafjorden kommune

Kva ser du mest fram til i jobben som prosjektansvarleg/rådmann?

Eg gler meg til å setje i gong prosessane saman med dei tilsette. Det er mange som allereie syner stor entusiasme for prosjekta. Eg ser fram til å bli betre kjent med og jobbe saman med dei tilsette i Fusa. Den nye kommunen vert ei fin anledning til å tenke nytt. Vi skal bygge noko heilt nytt og finne løysingar for å skape dei beste tenestene for innbyggarane våre. Eg er oppteken av å vere innovativ og framtidsretta når vi skal ta avgjersler og forme dei nye systema og tenestene i kommunen vår. Det er også spennande å jobbe tett med fellesnemnda og ta del i dei politiske prosessane.

Kva blir den største utfordringa i jobben?

Det vil bli mykje arbeid med å samkøyre dei sentrale systema som er i bruk i dei to kommunane. Alle dei tekniske løysingane i den nye kommunen må vere oppe og gå før 01.01.2020. Dette vil kreve både mange ressursar og ein tidleg innsats med å sjå på kva system vi skal velje å ta i bruk. Det vil også vere utfordrande å arbeide med økonomien. Her er det ulike prioriteringar i dei to kommunane i dag, og når vi kjem saman til ein kommune må vi ha ein felles profil. Blant anna har Os eit høgt investeringsnivå, og Fusa har eigedomsskatt.

Korleis blir møta i Fellenemnda fram mot 2020?

Desse møta vil vere litt todelt i tida framover. Ein del blir å banke gjennom saker og ta dei formelle vedtekta. På den andre sida skal desse møta gje rom for drøftingar og orientering. Det er viktig at politikarane tek del i prosessane. Frekvensen på møta vert om lag ein gong per månad, og det vil vere svært viktige saker på kvart møte framover.

Rådmannen avsluttar med å sei at han gjerne tek i mot spørsmål og innspel undervegs:

Kontaktinformasjon:

Prosjektansvarleg/rådmann Christian F. Fotland
chff@os-ho.kommune.no
Kontoradresse: Rådhuset i Os, Torggata 7, 5200


Rådmann og prosjektansvarleg for Bjørnafjorden kommune

Namn: Christian Fredrik Fotland
Alder: 50
Kjem frå: Sandviken, Bergen
Karriere: Direktør for Høgskulen i Bergen, rådmann for Lillehammer kommune og Radøy kommune, rektor


Assisterande rådmann for Bjørnafjorden kommune

Namn: Nils-Petter Borge
Alder: 51
Kjem frå: Landås, Bergen
Karriere: Kommunalsjef i Os kommune, arbeid med privat eldreomsorg, Aleris