Reglement for folkevalde lagt ut til høyring

Ei av sakene på saklista til Bjørnafjorden kommunestyre sitt første møte var Reglement for folkevalde i Bjørnafjorden kommune. Ombodsutvalet for Bjørnafjorden kommune har utarbeidd  reglementet, som så har vore sak i partssamansett utval og i Fellesnemnda.

Bjørnafjorden kommunestyre vedtok 29. oktober at reglement for folkevalde og godtgjerslereglement for Bjørnafjorden kommune blir lagt ut til offentleg ettersyn.

Her kan du lese Reglement for folkevalde i Bjørnafjorden kommune og Reglement – endringsframlegg frå Høgre. Dersom du har merknader til reglementet, kan du sende uttale på dette høyringsskjemaet eller sende e-post til postmottak@os-ho.kommune.no.

Merk innspel med saksnummer 19/4241 KST 06/2019. 

Høyringsfristen er 13. desember.