Saker frå barnehagefeltet ute på høyring


Fellesnemnda har vedteke å legge tre saker frå barnehagefeltet ut til offentleg ettersyn, før endeleg godkjenning i nytt kommunestyre for Bjørnafjorden kommune.

Innspel eller merknader sender du inn på dette elektroniske høyringsskjemaet. For å kunne lagre skjemaet, må du logge inn med ID-porten.
Dersom du har merknader til fleire av sakene, må du sende inn eige høyringsskjema for kvar sak.

Frist for å sende inn merknad er 8. november for alle sakene. Hugs å merke med saksnummer.

Framlegg til vedtekter for kommunale barnehagar i Bjørnafjorden kommune 

Sjå saksframlegget

Merk eventuelle innspel med saksnummer 12/830.
Har du spørsmål til saka? Send ein e-post til Irene Foer irene.k.foer@fusa.kommune.no

 

Framlegg til vedtekter for samordna opptak for barnehagar i Bjørnafjorden kommune

Sjå framlegg til prosedyre for gjennomføring av samordna opptak i Bjørnafjorden kommune 

Merk eventuelle innspel med saksnummer 19/343.
Har du spørsmål til saka? Send ein e-post til Irene Ullensvang iru@os-ho.kommune.no

 

Framlegg til lokale retningsliner for tildeling av kommunalt tilskot til private barnehagar i Bjørnafjorden kommune

Merk eventuelle innspel med saksnummer 19/3476.
Har du spørsmål til saka? Send ein e-post til Irene Ullensvang iru@os-ho.kommune.no