Siste møte i Fellesnemnda før sommaren

I dag, 17. juni klokka 12 samlar Fellesnemnda for Bjørnafjorden kommune seg til det siste møtet på denne sida av sommaren.
Møtet finn stad i Kommunestyresalen i Os rådhus og er ope for alle interesserte.

På dagsorden står mellom anna reglement for folkevalde, invitasjon til deltaking i bustadsosialt utviklingsarbeid og nytt ordførarkjede for Bjørnafjorden kommune. Sjå heile sakslista her.