Sjå 6. klassingane sine forslag til kommunevåpen for Bjørnafjorden kommune

Her kan du sjå alle dei innsendte forslaga frå 6. klassingar i Os og Fusa, sorterte etter skule.

I vår blei alle 6. klassingar i Fusa og Os kommunar inviterte til å teikne sine forslag til nytt kommunevåpen for Bjørnafjorden kommune.
Her kan du lese meir om konkurransen
Prosjektgruppa, som består av kulturleiar i Fusa kommune, Erik Vangsnes, kultursjef i Os kommune, Lisbeth Axelsen og Grete Byrkjeland frå kultureininga i Os kommune, fekk inn svært mange forslag til nytt kommunevåpen. Forslaga vil tene som inspirasjon for dei profesjonelle kunstnarane som skal formgi det endelege kommunevåpenet.
Alle dei flotte forslaga vil vere utstilte i Os folkebibliotek og Fusa folkebibliotek fram til 31. august 2018.
Ordførar i Os, Marie Bruarøy står for den offisielle opninga av utstillinga i Os folkebibliotek, torsdag 7. juni klokka 12. Ordførar i Fusa, Atle Kvåle, opnar utstillinga i Fusa folkebibliotek fredag 8. juni kl. 9.
  • Alle skuleelevane som har delteke, er sjølvsagt spesielt inviterte.
  • Prosjektgruppa vil trekke ei vinnarklasse på kvar av opningane.