Sjå forslaga til kommunevåpen – og juryen sin favoritt

Dette er forslaget som juryen har landa på, og som skal vidare til politisk behandling.

Her kan du sjå alle dei innkomne forslaga til kommunevåpen for Bjørnafjorden kommune.

Juryen har innstilt forslag nummer 22 til behandling i Fellesnemnda måndag 10. desember.
Endeleg avgjerd blir tatt i eit felles kommunestyremøte for Os og Fusa i februar 2019. Formgivarane er førebels anonyme. Namnet på vinnaren vil bli offentleg først etter kommunestyremøtet.

I juryen sit Erik Vangsnes (kulturleiar Fusa), Lisbeth Axelsen (kultursjef Os), Atle Kvåle (ordførar Fusa), Terje Søviknes (ordførar Os), Christian Fredrik Fotland (rådmann Os), Nils-Petter Borge (rådmann Fusa) og ein ekstern kunstfagleg konsulent.

Bakgrunn:
Våren 2018 blei innbyggarane i Os og Fusa kommunar inviterte til å kome med innspel til motiv på det nye kommunevåpenet. I tillegg har 6. klassingar frå heile den framtidige kommunen teikna sine forslag, som resulterte i ei flott utstilling på folkebiblioteka i begge kommunane.
Basert på alle innspela, valde Fellesnemnda for Bjørnafjorden kommune oselvaren og fjorden som motiv på det framtidige kommunevåpenet.

Så var det opp til dei profesjonelle formgivarane å ta bestillinga frå folket og Fellesnemnda. Konkurransen om utforming av kommunevåpen for Bjørnafjorden kommune blei lyst ut i juli 2018.
I utlysinga sto følgande:

Bjørnafjorden kommune treng eit nytt kommunevåpen. Det nye kommunevåpenet skal vera samlande og identitetsskapande for den nye kommunen. Symbolet fellesnemnda for kommunesamanslåinga har valt er Oselvarbåten. Oselvaren er eit kulturelt felleseige for den nye kommunen. Det representerer både handverkskultur, næringshistorie og samferdslehistorie – kor god kystkulturen har vore i Os og Fusa. Med sin status lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit unikt symbol for våre bygder og den nye kommunen.

Det andre stikkordet ein vil leggja til grunn for konkurransen er fjord. Fjord er eit anna sterkt symbol og omgrep med stort gjennomslag. Fjorden bind den nye kommunen saman. Sidan kommunen har fjord i namnet sitt er det nærliggjande at fjord vert ein leietråd for kommunevåpenet i form og/eller fargeval.