Sjå framlegg til budsjett 2020 og økonomiplan 2020 – 2023 for Bjørnafjorden kommune

Her finn du kommunedirektøren (tittelen som erstattar «rådmann» i framlegg til ny kommunelov) sitt framlegg til budsjett for 2020 og økonomiplan for 2020-2023 for Bjørnafjorden kommune.

Budsjettframlegget finst berre i elektronisk utgåve.

Vidare saksgang for budsjettframlegget:

29. oktober 2019: Kommunedirektør Christian F. Fotland presenterer framlegget i Bjørnafjorden kommunestyre.

6.-7. november 2019: Formannskapet, utvalsleiarar, gruppeleiarar og administrasjon er samla på Scandic Hotel Kokstad for budsjettkonferanse. Her får politikarane nærare innblikk i framlegget og moglegheit til å stille spørsmål.

8. november -29. november 2019: Dei politiske partia jobbar fram sine eigne forslag til budsjett og økonomiplan, med sine eigne prioriteringar.

29. november 2019: Alle framlegga til budsjett, både kommunedirektøren sitt og dei respektive politiske partia/grupperingane sine framlegg, blir presenterte i Bjørnafjorden formannskap og lagt ut til offentleg ettersyn.

17. desember 2019: Endeleg behandling av budsjett 2020/økonomiplan 2020-2023 i Bjørnafjorden kommunestyre.

Formannskaps- og kommunestyremøte kan du følgje direkte på bjornafjorden.kommunetv.no