Sjå kva for delprosjekt som er i gang – og kva for delprosjekt som er på trappene

Mange små og store oppgåver skal løysast i samband med kommunesamanslåinga. Avdelingar, einingar og område i to kommunar skal bli til éi felles eining, og sikre like gode tenester til bjørnafjordingar på begge sider av fjorden.

Prosjektleiarane Monica Totland Melvold, Marianne Kramer og Elisabeth Farstad har brukt den første delen av 2018 til å kartlegge og identifisere desse oppgåvene i sine respektive ansvarsområde. Nokre av oppgåvene er enkle å ta fatt på og hanskast med, medan andre er meir komplekse og skal løysast i eit delprosjekt.
Før eit delprosjekt startar opp, må det ligg føre eit godkjent prosjektmandat  – eit dokument som skildrar kva delprosjektet skal gjere og oppnå, kven som er ansvarlege og framdrift.
Den administrative styringsgruppa for kommunesamanslåinga (prosjektleiing, rådmenn for Os og Fusa, kommunalsjefar for Bjørnafjorden kommune, hovudverneombod og tillitsvald frå Delta) godkjenner mandata. Dei tillitsvalde deltek òg i delprosjekt kor dei meiner det er særskilt viktig for å ivareta dei tilsette sine interesser.
Nokre av delprosjekta er alt i gang, medan resten skal rullast ut i løpet av våren.

Status for delprosjekt

På Tenesteutviklings-området, som omfattar Oppvekst og kultur, Helse og omsorg, er to delprosjekt alt i gang: Velferdsteknologi og implementering av felles journalsystem for høvesvis Pleie og omsorg og helsestasjonen. Fleire andre delprosjekt startar opp i april.
Her kan du sjå førebels status for delprosjekta i Tenesteutviklings-området, som prosjektleiar Monica Totland Melvold presenterte for Fellesnemnda 19. mars

Innan Samfunns- og næringsutvikling, som omfattar alle tekniske tenester frå kommunen, er òg fleire delprosjekt i gang, til dømes organisering av brann- og redningsberedskap og samkøyring av matrikkeldata (register over bygningar, bustader og adresser). Andre delprosjekt startar først når det overordna organisasjonskartet er på plass 15. juni.
Her kan du sjå førebels status for delprosjekt innan Samfunns- og næringsutviklingsområdet, som prosjektleiar Marianne Kramer presenterte for Fellesnemnda 19. mars.

I stabsfunksjonane er fleire prosjekt i gang, mellom anna innan økonomi og skatt. Andre startar opp så fort mandata er godkjente over påske.
Her kan du sjå status for delprosjekt for stabs- og støttefunksjonane, som prosjektleiar Elisabeth Farstad presenterte for Fellesnemnda 19. mars .