Sjå merkeplattformen og den visuelle profilen for Bjørnafjorden kommune

Oktan Bergen har laga merkeplattform (visjon, misjon, verdiar og slagord), visuell profil og logo for Bjørnafjorden kommune, mellom anna på bakgrunn av innspel frå 100 vise bjørnafjordingar. Designbyrået Loops har vidareforedla leveransen frå Oktan, og laga forslag til korleis den visuelle profilen kan ta seg ut på ulike element frå koppar og pennar til nettsider og skilt.

Misjonen til den nye kommunen er: Det gode liv for alle

Visjonen er: Eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping.

Verdiane vi styrer etter:

  • Vi lyttar med respekt
  • Vi finn smarte løysingar
  • Vi gjer det vi seier
  • Vi er inkluderande

Slagordet: – bli inspirert!

Sjå merkevareplattform, visuell profil og logo for Bjørnafjorden kommune