– Her er moglegheitslandet vårt!

Plansjef i Os kommune, Tina Sinclair, vil at du skal løfte blikket og få auge på moglegheitene i Bjørnafjorden.

Plansjef i Os, Tina Sinclair, har fått hjelp av Torbjørn Steffensen på Kart og oppmåling til å sjå Bjørnafjorden under eitt. (Foto: Simen Soltvedt)

-Mange ulike små og store oppgåver skal løysast som del av kommunesamanslåingsprosjektet. Mange er av teknisk art, andre meir administrative.
Men den aller største oppgåva er å endre dei mentale og kulturelle forestillingane om kommunen vår. Vi treng større flygehøgde og utvida perspektiv på dagens mentale, geografiske, administrative og politiske grenser til hjelp i dette arbeidet, meiner ho.

Eg oppmodar alle avdelingar i Fusa kommune og Os kommune til å laste ned kartet, skrive det ut og henge det opp på veggen for å hjelpe oss til å, bokstaveleg talt, få auge på moglegheitslandet framom oss!

Tina Sinclair, plansjef i Os

-Arealplanleggjarar er vane med å bruke kart som verktøy. Eg har difor bede Torbjørn Steffensen, fagleiar for kart og oppmåling i Os kommune, om å sette saman kommuneplankartet for Bjørnafjorden kommune ved å kombinere Os og Fusa sine noverande arealplaner til eit heilskapleg bilete av Bjørnafjorden sin arealplan. Kartet heng allereie på veggen vår her på planavdelinga på Os. Det hjelper oss å få auge på kva slags oppgåver og moglegheiter kommunesamanslåinga stiller oss overfor når vi opphevar dagens grense mellom dei to kommunane, seier Tina.

– Eg oppmodar alle avdelingar i Fusa kommune og Os kommune til å laste ned kartet, skrive det ut og henge det opp på veggen for å hjelpe oss til å, bokstaveleg talt, få auge på moglegheitslandet framom oss!