Sjå, vi digitaliserer endå litt til!

Digitalisering handlar i første rekke om å forenkle – og forenkling handlar ofte om å gjere det lettare for folk å få svar på det dei lurar på. Det er framleis mykje som er alt anna enn enkelt (og digitalt) i kommuneverda. Men litt etter litt blir papirskjema digitale, og vi tar i bruk nasjonale løysingar som gir brukaren større kontroll og innverknad på tenestene han eller ho mottar frå oss i kommunen.

Eitt døme er at brukarane av kols-teamet, diabetesteamet og kreftteamet i Os kommune no kan utveksle meldingar med teama via helsenorge.no. Eit anna døme er at folk frå 10. april kan søkje om økonomisk sosialhjelp digitalt på nav.no med sikker pålogging, i staden for å måtte fylle ut ein papirsøknad på NAV-kontoret.
Førebels vil desse løysingane berre vere tilgjengelege i Os kommune, men dei vil òg bli innførte i framtidige Bjørnafjorden kommune.

Målet er at digital kommunikasjon skal forbetre og sikre informasjonsflyten mellom tenestemottakar, pårørande og tilsette. (Illustrasjon: KS)

«Snakk» med sjukepleiaren på helsenorge.no

Helsenorge.no er den offentlege helsenettstaden for innbyggarar i Noreg. Her finn du kvalitetssikra og oppdatert informasjon om helse, behandling og rettar. Her finn du òg ei rekke sjølvbeteningsløysingar, som bytte av fastlege, oversikt over reseptane dine og kva for vaksinar du har tatt.
I tillegg kan du sende og motta meldingar frå kommunale helsetenester. Os er ein av dei første kommunane i landet til å ta i bruk denne meldingsløysinga. På sikt skal alle norske kommunar tilby dette til innbyggarane sine. Heimebaserte tenester tok i bruk løysinga i juni i fjor, og no kan altså brukarane av kols-, diabetes- og kreftteamet òg kommunisere med tenestene sine via helsenorge.no.
– Meldingar via helsenorge.no erstattar mengder av SMS-ar og e-post att og fram mellom den enkelte tenesta og brukarane og deira pårørande. Det er tryggare og meir oversiktleg. I tillegg møter løysinga krava som vi som kommune må oppfylle til sikker utveksling av helse- og personopplysningar, seier Tone Søreide Borgen, fagkonsulent i Pleie og omsorg i Os kommune.

Søk når som helst, kor som helst

Dersom du skal søkje om økonomisk sosialhjelp, har du fram til no måtta møte opp på NAV-kontoret for å fylle ut eit papirskjema mellom klokka 11 og 14, måndag, onsdag og fredag. Frå 10. april tar NAV Os i bruk den digitale søknadsløysinga på nav.no. Søkjaren loggar inn på «Ditt NAV» med BankID eller andre tilsvarande sikkerheitsløysingar når som helst på døgnet. Det vil framleis vere mogleg å søkje på papir, men Line Naterstad Solheim i NAV Os håpar og trur dei fleste vil nytte seg av den digitale moglegheita:
– Når du fyller ut søknaden digitalt får du òg informasjon om kva for dokument du må legge ved søknaden. I tillegg hentar søknaden relevant informasjon som alt finst i ulike andre register. Dette sikrar at vi får rett og nødvendig informasjon, og gjer søknadsprosessen meir effektiv for både søkjaren og oss som skal vurdere søknaden, seier Naterstad Solheim.