Sjå, vi digitaliserer! Enklare kommunikasjon mellom brukar og kommunale helsetenester

Helsenorge.no er den offentlege helseportalen på nett i Noreg. Her kan du logge inn med MinID og sjå helseinformasjon som er registrert om deg. Du får òg tilgang til ei rekke sjølvbeteningsløysingar, som å bytte fastlege, få oversyn over reseptane dine og sjekke vaksinane dine.
Os er ein av dei aller første kommunane i Noreg som tar i bruk portalen i samband med kommunale helsetenester. Dersom du får heimehjelp eller heimesjukepleie i Os kommune, kan du no avbestille heimebesøk og sende meldingar til tenesta på helsenorge.no. Dersom du er pårørande, kan du enkelt få oversikt over planlagde og utførte heimebesøk, sjølv om du oppheld deg ein annan stad i landet.

Du som er pårørande kan få fullmakt frå brukaren til å logge deg inn på helsenorge.no på hans eller hennar vegne, og sjå opplysningar og kommunisere med den kommunale helsetenesta.

Fleire tenester står for tur

Dialog mellom brukarar/pårørande og dei kommunale helsetenestene via helsenorge.no er ei nasjonal satsing. Os er blant dei første kommunane som tar dette i bruk. På sikt skal alle kommunar i Noreg bruke løysinga i kommunikasjon med sine innbyggarar.
-Førebels gjeld tilbodet berre for heimebaserte tenester. Tenester for utviklingshemma og ergo- og fysioterapitenesta i Os kommune er dei neste som står for tur, fortel sjukepleiar og fagkonsulent i Pleie og omsorg i Os kommune, Tone Søreide Borgen.
-Innbyggardialog via helsenorge.no erstattar mengder av SMS-ar og e-post att og fram mellom den enkelte tenesta og dei pårørande. Dette er enklare og meir oversiktleg. I tillegg oppfyller løysinga krava som vi som kommune må oppfylle til sikker utveksling av helse- og personopplysningar, seier ho.

Samtykkekompetanse

Fagkonsulent Tone S. Borgen frå Pleie og omsorg i Os kommune.

Brukarar av helse- og omsorgstenester kan delast inn i to grupper: Dei med samtykkekompetanse, som det heiter så fint, og dei som av helseårsaker ikkje er i stand til å gi samtykke. Å ha samtykkekompetanse betyr at du har innsikt i og er i stand til å vurdere konsekvensane av dei vala du tar. Ein 90-åring kan vere full av samtykkekompetanse, men ikkje nødvendigvis like dreven i bruk av internett.

Du som er pårørande kan få fullmakt frå brukaren til å logge deg inn på helsenorge.no hans eller hennar vegne, og sjå opplysningar og kommunisere med den kommunale helsetenesta. Brukaren kan gi deg denne fullmakta utan å logge inn på helsenorge.no. Les meir om dette på Os kommune sine nettsider.

For alle i Bjørnafjorden kommune

-Dette er ei nasjonal satsing som sjølvsagt òg vil gjelde i Bjørnafjorden kommune. Innbyggardialog på helsenorge.no vil vere tilgjengeleg for alle som får heimetenester i Bjørnafjorden kommune frå 2020. Fusa skal snart over i same fagsystem som oss i Helse og omsorg i Os. Når det skjer, vil vi kunne jobbe endå meir målretta for å tilby dei same løysingane for innbyggarane på begge sider av Bjørnafjorden, seier Tone Søreide Borgen.