Sjå, vi digitaliserer!

Vi forenklar  – ein søknad av gongen.

Dersom du skal lage ny, utvide eller endre bruk av avkøyrsel til ein kommunal veg, fylkeskommunal veg eller riksveg, må du først søke om løyve.

Tidlegare var dette ein ganske så manuell og tidkrevjande affære. Du måtte søke kommunen ved avkøyrsel til kommunal veg, og Statens vegvesen om avkøyrsel til ein fylkeskommunal veg eller riksveg.
Kvar kommune opererte gjerne med sine eigne søknader. Det var vanskeleg å finne fram i søknadsjungelen hos Vegvesenet og komplisert å fylle ut når du først fann fram.
Os kommune er med i eit pilotprosjekt organisert av KS og Statens vegvesen, kor målet er å forenkle heile prosessen rundt søknad om avkøyring. Os og osingane er første kommune ut til å teste løysinga som vil gjelde i Bjørnafjorden kommune, og på sikt skal bli nasjonal. 

– Det er spennande å vere første kommune ut til å ta i bruk løysinga, og vi er heilt avhengige av hjelp og tilbakemeldingar frå brukarane for at løysinga skal bli optimal, seier Marianne Kramer, prosjektleiar for samfunnsutvikling i Bjørnafjorden-prosjektet. (Foto: Simen Soltvedt)

Søknad om avkøyrsel på Statens vegvesen sine nettsider (logg inn med elektronisk ID)

Dette er nytt:

  • Du sender søknad til Statens vegvesen, uavhengig av om avkøyrselen er til kommunal veg, fylkeskommunal veg eller riksveg.
  • Du loggar inn med elektronisk ID (bank-ID, bank-ID på mobil osb.) på nettsidene til Statens vegvesen.
  • Dei nødvendige opplysningane i søknaden er i stor grad ferdigutfylte. Sidan du har logga inn med din elektroniske ID, veit systemet kven du er, kor du bur, kva for eigedomar som er registrert på deg, gards- og bruksnummer og så vidare.
  • Du trykker på «Send søknad» og får svar i Altinn når saka er ferdig behandla.

– Sparer oss for tid og unødvendige feil

– Os kommune får om lag 100 søknader om avkøyrsel i året, så det er ikkje snakk om dei heilt store mengdene. Men det er eit steg på vegen, og er ei løysing som har overføringsverdi til mange område, fortel Marianne Kramer, prosjektleiar for samfunnsutvikling i Bjørnafjorden-prosjektet.
– Dersom innbyggarane i Bjørnafjorden i større grad kan ta i bruk elektronisk innlogging til ulike skjema, vil dei sleppe å måtte bruke tid på å fylle inn masse informasjon som systemet alt veit. Slik brukar innbyggarane mindre tid og sjansen for feil er langt mindre enn ved manuell inntasting.
– Det er spennande å vere første kommune ut til å ta i bruk løysinga, og vi er heilt avhengige av hjelp og tilbakemeldingar frå brukarane for at løysinga skal bli optimal, seier Marianne. – Meld gjerne frå til oss om feil eller andre ting som skurrar.