Skulebibliotek i Bjørnafjorden: Bok gjer klok

Visste du at ungar som les og blir lesne for gjer det betre i alle skulefag, ikkje berre i lesing? Tilgang til eit godt og oppdatert skulebibliotek, med kompetent personale som formidlar litteratur gir, i følgje internasjonal forsking, ungane våre både gode opplevingar, auka trivsel og eit fortrinn på skulen – og i livet.

Illustrasjonsfoto.

-Vi ser ein klar samanheng mellom tilgang på skulebibliotek og resultat på nasjonale prøver. Skulane med best resultat på nasjonale prøver er utan unntak skular som satsar på skulebibliotek. I tillegg bidrar skulebiblioteket til eit betre arbeidsmiljø for store og små. Det er rett og slett hyggelegare på skular med skulebibliotek, smiler prosjektleiar for delprosjektet Skulebibliotek i Bjørnafjorden kommune, Ellinor Engelstad, som sjølv har bakgrunn som skulebibliotekar i Bærum kommune.

Ellinor Engelstad er prosjektleiar for delprosjektet Skulebibliotek i Bjørnafjorden kommune. (Foto: Universitas)

Store skilnader mellom skulane
Alle skular i Noreg er pålagde å ha eit skulebibliotek, med mindre skulen ligg slik til at folkebiblioteket enkelt kan nyttast i skuletida. Det er stort spenn mellom skulane i Bjørnafjorden kommune, både i geografiske avstandar og i storleik, noko som òg påverker kor store ressursar kvar enkelt skule har til å utvikle sitt skulebibliotek.

Følgjeleg er det òg store skilnader i tilstanden for dei ulike skulebiblioteka rundt om i den framtidige kommunen. Tilbodet til elevane varierer frå dagleg litteraturformidling i tilrettelagde lokale på nokre skular – til eit skåp med gamle bøker i eit lagerrom på andre skular.
Målet for delprosjektet er at alle kommunale skular i Bjørnafjorden frå 1. januar 2020 skal gi eit likeverdig skulebibliotektilbod til elevane. Ved oppstarten av skuleåret 2019–2020 skal skulebiblioteket vere inkludert i skulane sine lokale lære- og handlingsplanar, og skulebibliotekaren skal vere ein «synleg ressurs», som det heiter i Mandat for delprosjekt skulebibliotek i Bjørnafjorden kommune.

Mangel på ressursar, ikkje mangel på interesse
– Det er ein stor jobb, men eg ser at det er lite som skal til for å heve kvaliteten mange stader. Dårleg tilbod handlar om manglande ressursar, ikkje om manglande interesse frå tilsette eller elevar. Alle eg har snakka med rundt om på skulane er så glade for at vi er i gang med dette arbeidet.  For å lukkast, må kvar skule sette av ein dedikert ressurs til arbeid med skulebiblioteket. Det treng ikkje vere ein stor stillingsprosent, men det er viktig at nokon har ansvaret. Eit skulebibliotek kan ikkje drivast berre med skippertaksmetoden, seier Engelstad.

Eit godt skulebibliotek skal vere lett å finne fram i. (Illustrasjonsfoto – på ingen måte henta frå skulebibliotek i Os eller Fusa)

Kompetanseheving og nettverk for skulebibliotekarane
Eit godt skulebibliotek må vere lett å orientere seg i for både elevar og lærarar. Prosjektet jobbar med å kategorisere og systematisere boksamlingane på ein einsarta måte, slik at det skal vere enkelt og effektivt å vedlikehalde skulebiblioteket. Nokre stader er ei enkel ommøblering med på å utnytte lokalet betre og gjere det meir innbydande for brukarane.
– Når hyllene er organiserte og bøkene er merka på ein gjennomtenkt måte, får skulebibliotekarane meir tid til formidling av litteratur. Dei som har ansvar for skulebiblioteka sit på masse praktisk kompetanse, men mange føler seg litt usikre fagleg. Eitt av måla for dette prosjektet er at alle skulebibliotekarane som ikkje har bibliotekfagleg kompetanse, skal få det innan 2020, eller at det som eit minimum skal vere ein plan for dette ved skulen. Skulebibliotekarane i Bjørnafjorden kommune skal danne eit nettverk med regelmessige møte og eige skulebibliotekrom på ein digital plattform der dei kan diskutere og dele kunnskap og erfaringar.

Bokkasser skal vandre mellom skulane
Men det hjelper lite med kunnskap om litteratur dersom dei gode og engasjerande bøkene manglar. Prosjektleiar Ellinor har vore innom alle skulane på begge sider av fjorden for å bli kjent, finne ut kor skoen trykker og for å «luke» i dagens skuleboksamlingar saman med tilsette ved skulane.
– Ingen skulebibliotek har bruk for 20 bind med leksikon frå 70-talet. Når vi luker ut det som er utdatert og irrelevant, er det lettare å få auga på dei gode bøkene som alt finst i samlingane, meiner ho. – Vi vil òg opprette «bokkassar» som kan vandre mellom skulane, slik at alle elevar får tilgang til nye, populære bøker som er tilpassa deira nivå og interesser. Vi vil òg legge til rette for leseprosjekt på deling i skulebiblioteknettverket, fortel Ellinor Engelstad.