Skuleruta 2020–2021 ute på høyring

Framlegg til barnehage- og skulerute for grunnskulen i Bjørnafjorden kommune skuleåret 2020–2021 er lagt ut til offentleg ettersyn.

Grunnskulane i Bjørnafjorden kommune, organisasjonane og skulane sine rådsorgan, representert ved FAU og SU er høyringspartar, og har fått tilsendt framlegget. Kommunen har òg sendt framlegget til barnehagane og deira organisasjonar og rådsorgan.

Andre som ønskjer å uttale seg om framlegget til skulerute, kan òg gje høyringsuttalar.

Her kan du sjå framlegg til barnehage- og skulerute 2020-2021 for Bjørnafjorden kommune.

Spørsmål rundt framlegget til skulerute kan rettast til fagsjef oppvekst og kultur, Per Olav Sørås.

Alle høyringssvar skal leverast i det digitale skjemaet du finn her.

Høyringsfrist er 9. desember.