Slik står det til med folk

I vår fekk 70 000 tilfeldig utvalde hordalendingar over 18 år invitasjon frå Hordaland fylkeskommune til å delta i ei stor folkehelseundersøking.
Spørsmåla handla om mange ulike sider av folkehelse: Vanar med tobakk og alkohol, psykisk helse, kosthald, fysisk aktivitet, generell helse, einsemd, sosial støtte, tryggleik, trivsel, støy, tilbod og fasilitetar der ein bur, økonomi- og jobbsituasjon, reiseveg og bruk av tannhelsetilbod.

Dei største kommunane i Hordaland får eigne rapportar, medan dei mindre kommunane, som Os og Fusa, får rapportar på regionnivå for å sikre anonymiteten, opplyser fylkeskommunen. I rapporten er difor resultata frå Os og Fusa slått saman med resultat frå Samnanger, Vaksdal og Osterøy til regionen Midthordland.

Les meir om Folkehelseundersøkinga 2018 og sjå heile rapporten på fylkeskommunen si heimeside.

Kva skal til for at vi trivst? I følgje undersøkinga er tilgang til natur- og fritidsområde viktigast, etterfølgt av tilgang til butikkar og serveringstilbod, å få vere i fred og å kjenne naboane.

Undersøkinga viser at det er små forskjellar mellom kommunane/regionane i Hordaland.
Dei fleste oppgir at dei trivst i nærmiljøet.

Kva skal til for at vi trivst? I følgje undersøkinga er tilgang til natur- og fritidsområde viktigast (67 %), etterfølgt av tilgang til butikk og serveringsstad (48,1 %), å få vere i fred (44 %) og å kjenne naboane (40,5 %).

Betre med alderen
I følge dei som har svara på undersøkinga, står det betre til jo eldre ein blir. Nivået av psykiske plagar fell med alder, kosthaldet blir betre, færre kjenner seg einsame. Sosial støtte, oppleving av tryggleik, trivsel i nærmiljøet og generell tilfredsheit med livet, aukar òg med alder.

Røyk og snus
Blant unge vaksne har snusing nesten fullstendig erstatta røyking. Delen som røykte dagleg i yngste aldersgruppe (18-29 år) i Hordaland var 3 prosent blant kvinner og 4 prosent blant menn, medan delane som brukte snus dagleg var 21 prosent og 26 prosent i dei same gruppene. Midthordland, regionen Os og Fusa tilhøyrer i denne rapporten, har dei fleste daglege røykarane (9,5 %), mot lågast i Sunnhordland (7,6 %). Generelt er det få som oppgir at dei røyker dagleg.

Tilgang på grøntområde er viktig
2 av 3 hordalandingar seier at tilgang til friluftsområde er viktig for at dei skal trivst. Dei fleste oppgir at dei har tilgang til friluftsområde, men færrast i Bergen, Askøy, Sotra og Øygarden. Hardanger og Voss er regionane med mest grøntareal og friluftsområde.

Fisk, frukt og bær
Litt fleire av oss i Midthordland og Sunnhordland oppgir at vi et fisk minst éin gong i veka samanlikna med resten av fylket. Ikkje overraskande er det folk i Hardanger og Voss som set til livs mest frukt og bær (35,3 %), medan folk i Askøy, Sotra og Øygarden et minst (31,6 %).

Kulturtilbod
Ikkje overraskande er bergensarane mest tilfredse med tilgangen på kultur- og idrettstilbod (ca. 86 %), medan berre om lag halvparten av folk i Nordhordland er nøgde med dette.

Fysisk aktivitet
Bergensarane oppgir å vere mest fysisk aktive, 37 % er i fysisk aktivitet minst ein halvtime dagleg. Nordhordland følger etter med 34,1 %. Midthordland ligg nest sist med 31,1 %

Andre funn:

  • Færre oppgir psykiske vanskar i Midthordland og Hardanger og Voss, enn i Bergen. Men det er relativt små forskjellar mellom regionane.
  • Færrast opplever god helse i Askøy, Sotra og Øygarden og i Nordhordland
  • Flest føler seg einsame i Sunnhordland
  • Lågare del som føler seg tilfreds med livet i Bergen og Askøy, Sotra og Øygarden enn i resten av fylket
  • Flest blir utsette for skade i Nordhordland og Midthordland
  • Det har gått lengst tid sidan dei frå Askøy, Sotra og Øygarden gjekk til tannlegen.