Slik stemmer du

Måndag 9. september er det kommune- og fylkestingsval, men du kan stemme alt no.

Førehandsstemming

Frå 12. august til 6. september er det ordinær førehandsstemming. Det vil seie at du kan stemme på det partiet du ønskjer, og eventuelt gje einskilde kandidatar ei ekstra stemme.
Dette gjeld om du stemmer i eitt av dei to lokala for førehandsstemming i Bjørnafjorden kommune, Kommunetorget i Os rådhus og Kommunetunet i Eikelandsosen.
Laurdag 24. august og laurdag 31. august held desse to vallokala ope for førehandsstemming mellom klokka 10.00 og 14.00.

Klikk her for å sjå andre opningstider.

Veljarar er ført i manntalet i den kommunen der dei er folkeregistrert per 30. juni, men alle kan førehandsstemme i ein annan kommune. Dersom du har flytta frå Bjørnafjorden etter 30. juni, eller t.d. er student ein anna plass i landet med mellombels bustadadresse, kan du stemme i den kommunen der du oppheld deg. Merk deg at dersom du førehandsstemmer i ein annan kommune enn der du er manntalsført, kan du berre stemme på parti, og ikkje gje einskilde kandidatar ei ekstra stemme.

Her finn du oversikt over alle opningstider og vallokale i landet.

Stemming på valdagen

Valdagen er måndag 9. september. I Bjørnafjorden kommune har vi 12 vallokale geografisk spreidd over heile kommunen. Her er oversikten med adresse og kart til kvart einskild vallokale i den nye kommunen.

Du kan stemme i det vallokalet som er mest praktisk for deg, sjølv om det på valkortet står oppført eit spesifikt vallokale. Hugs å ta med deg legitimasjon og valkort.

Merk deg at du på valdagen ikkje kan stemme i Kommunetorget i Os rådhus eller i Kommunetunet i Eikelandsosen. Du må møte opp i eit av vallokala som er lista opp nedanfor.

Desse vallokala har opne frå 09.00 til 21.00:

  • Eikelandsfjorden samfunnshus
  • Lunde barneskule
  • Lysekloster barneskule
  • Nore Neset Allaktivitetshus
  • Os Idrettspark Kuventræ
  • Oseana kunst- og kultursenter
  • Søfteland barneskule

Desse vallokala er opne frå 13.00 til 21.00:

  • Fusa samfunnshus
  • Hålandsdalen Montessoriskule
  • Nore Fusa skule
  • Strandvik Montessoriskule
  • Søre Fusa skule


Heimestemming

Dersom du på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan kome deg til eit vallokale, kan du søke om heimestemming. Då kjem valmedarbeidarar frå Bjørnafjorden kommune heim til deg med stemmesetlar og anna materiell som trengst for å gjennomføre eit hemmeleg val.

Slik går du fram for å søke om heimestemming:
Send ein epost til makr@os-ho.kommune.no, eller ring Kommunetorget på 56 57 50 00. Du kan òg søke per brev til Bjørnafjorden valstyre v/ valsekretariatet, Postboks 84, 5202 Os.
Hugs å oppgi fullt namn, fødselsdato, opphaldsadresse og telefonnummer.  Frist for å søke om heimestemming er tysdag 3. september kl. 15.00


Ambulerande stemmegiving

På fleire av institusjonane/skulane i Bjørnafjorden kommune vil det bli gjennomført ambulerande stemmegiving. Dette tyder at valmedarbeidarar kjem ut på institusjonen/skulen for å gje bebuarar/tilsette/elevar moglegheiten til å stemme. Når tidene for den ambulerande stemmegivinga er bestemt, blir dei kunngjort på denne sida og i annonse i Os & Fusaposten.

På desse stadene blir det ambulerande stemmegiving:

  • Baldersheim helsetun
  • Eikhovdaheimen
  • Fusa bu- og behandlingssenter
  • Gamleheimshagen
  • Kongshaug musikkgymnas
  • Kysthospitalet
  • Luranetunet
  • Os gymnas
  • Os vidaregåande skule
  • Ravneberghaugen