Søk om midlar hausten 2019

Har du ein god idé, eit utviklingsprosjekt eller innovasjonsprosjekt du ønskjer å få realisert? Her er ei oversikt over kor du kan søkje om midlar denne hausten.

Regionale forskningsfond

Søknadsfrist: 21. august

Støtte til innleiande forskingsarbeid som bidreg til å utvikle forskings- og utviklingsprosjekt (FoU-prosjekt) hos søkjarbedrifta og deira samarbeidspartar. FoU-prosjekta skal støtte opp under innovasjon i bedrifter.

Les meir og søk Regionale forskingsfond

Norges forskningsråd

Søknadsfrist: 25. september

Norges forskningsråd lyser ut 1,25 milliardar kroner i FoU-støtte til innovasjonsprosjekt i næringslivet. Midlane skal stimulere bedrifter til å investere i FoU som kan gi auka konkurransekraft, vekstmoglegheiter og bærekraftig verdiskaping.

Både etablert og ny næringsverksemd kan søkje, og både store og små bedrifter i alle bransjar og sektorar. Forskningsrådet forventar også at prosjekta gir samfunnsøkonomiske gevinstar gjennom for eksempel deling av forskingsbasert kunnskap og bidrag til å løyse samfunnsutfordringar.

Les meir og søk på Forskningsrådet sine nettsider

LivOGLyst

Søknadsfrist: 25. oktober

Dette er eit program og nettverk for deg som ønskjer å vidareutvikle lokalsamfunnet ditt. LivOGLyst er ei satsing der menneske, næringsliv, organisasjonar og kommunar samhandlar.

Lokalsamfunn i bymiljø, distrikt og større bygdemiljø er velkomne til å søkje programmet

Les meir og søk på Hordaland fylkeskommune sine nettsider

RULL-midlane

Søknadsfrist: 15. oktober

Gjennom tilskotsordninga Rekruttering, likestilling og utvikling i landbruket (RULL) kan du søkje om midlar til utviklingstiltak innan landbruket i Hordaland.

Les meir og søk på Hordaland fylkeskommune sine nettsider

Innovasjon Norge

Har bedrifta di ambisjonar om vekst gjennom utvikling av nye løysingar? Innovasjon Norge har ulike finansieringsordningar som kan vere aktuelle for utviklingsprosjektet ditt.

Les meir og søk på Innovasjon Norge sine nettsider 

Les òg om Innovasjon Norge si satsing på landbruk

Enova

Enova støttar ei rekkje ulike område gjennom ulike støtteprogram:

  • Bygg og eiendom
  • Industri og anlegg
  • Energisystem
  • Maritim transport
  • Landtransport
  • Teknologiutvikling

Les meir og søk på Enova sine nettsider

Skattefunn

SkatteFUNN kan bidra med finansiering når

  • du skal utvikle ein ny eller betre vare, teneste eller produksjonsprosess
  • du har eit målretta og avgrensa prosjekt for å oppnå dette
  • bedrifta di har nytte av resultatet

Les meir og søk på Skattefunn sine nettsider