Søk om midlar frå #herkjembjørnafjorden-fondet

Os og Fusa slår seg saman til Bjørnafjorden 1. januar 2020. Vi vil vise breidda i alt som rører seg innan kunst, kultur, musikk, idrett, natur og anna i den nye kommunen vår i løpet av 2019.
Fellesnemnda for Bjørnafjorden kommune har sett av kr 250 000,- til eit fond kor lag og organisasjonar kan søkje om midlar til å gjennomføre aktivitetar innan 1.1.2020.

Bli med å vise fram kva Bjørnafjorden har å by på!
Søk om midlar til små og store arrangement i 2019

Frivillige lag og organisasjonar kan søkje om midlar til ein eller fleire aktivitetar som må gjennomførast innan 1. januar 2020.

Kven kan søkje?
Lag og organisasjonar i framtidige Bjørnafjorden kommune.

Kor mykje kan de søkje om?
De kan søkje om tilskot på inntil kr 10 000,- per aktivitet/arrangement.

Søknadsfrist
20. mars 2019.

Kva kan de søkje om tilskot til?
Aktiviteten må vere

  • Nyskapande. Til dømes ta i bruk nye arenaer og/eller oppsøke nytt publikum.
  • Inkluderande. Til dømes utspele seg på hi sio av fjorden eller på annan måte inkludere bjørnafjordingar i både Os og Fusa. Aktiviteten/-ane må gå føre seg i Os eller Fusa.
  • Inviterande. Vi oppmodar til samarbeid og kulturell brubygging.

Bruk emneknaggen #herkjembjørnafjorden i sosiale medium.

Behandling av søknaden
Prosjektleiar for kulturfeltet i samanslåingsprosjektet, Erik Vangsnes, behandlar søknadene. Vedtak blir gjort administrativt av kommunalsjef for Samfunnsutvikling etter delegering frå Fellesnemnda.

Søk her innan 20. mars 2019.

Har du spørsmål? Ta kontakt med prosjektleiar for kulturfeltet i Bjørnafjorden kommune, Erik Vangsnes på telefon 56 58 01 53 eller e-post: erik.vangsnes@fusa.kommune.no