Bjørnafjorden gründerpark

Starte for deg sjølv, men ikkje sitte for deg sjølv? Velkomen til gründerparken!

Vil du starte for deg sjølv, men treng kontorplass og tilgang til verdifull kunnskap og ressursar? Eller er du godt i gang, men ønskjer å sitte saman med andre som er i liknande situasjon? Er du sterkt engasjert i å utvikle verksemda di?

Då er Bjørnefjorden gründerpark staden for deg!

Bjørnefjorden gründerpark består av to entreprenørskapssenter, eitt midt i Os sentrum og eitt i Eikelandsosen i Fusa. Sentera er laga for gründerar, nystarta bedrifter, pendlarar, i tillegg til næringsdrivande og verksemder i andre situasjonar.

Som leigetakar i Bjørnefjorden gründerpark får du tilgang til:

  • Fleksible kontorarbeidsplassar
  • Sosialt og fagleg fellesskap
  • INNOLAB- eit eige rom for idéskaping
  • Ressursar hos VIS innovasjon (tidlegare Bergen Teknologi Overføring) næringsråd, næringssjef og næringsliv i Bjørnafjord-regionen

I tillegg får du vere med på aktivitetar og kurs for kompetanseheving, nettverksbygging og organisasjonsutvikling.

Inkludert er òg fri tilgang til møterom, kjøkken og alle fasilitetar du kan vente frå eit moderne kontorfellesskap.

Gründerparken er for deg som får energi av å omgi deg med andre, som vil utvikle deg og verksemda di.

Pris

kr 2.490,- (eks. mva.) per månad per person.

Kontakt og meir informasjon

Kontakt næringskonsulent i Os kommune, Jon Sivert Rykkel (jsry@os-ho.kommune.no) for meir informasjon.

Les òg meir om, og følg gründerparken på facebooksida vår.