Status innplassering i kommunereforma

Ifølgje kalenderen er det sommar, og ein fortent ferie er i gang eller like rundt hjørnet for dei aller fleste. I dag er det 182 dagar til vi blir Bjørnafjorden kommune. I mange avdelingar og einingar er innplasseringa av tilsette i den nye organisasjonen fullført, medan andre av ulike årsaker er forseinka. Elisabeth Farstad, prosjekteigar for Stab og støtte-prosjekta i kommunesamanslåinga, orienterer:

Etter milepælsplanen for bemanning skal alle tilsette vere innplasserte per 30. juni 2019. I nokre avdelingar og einingar blir dette forseinka.

Det er ulike årsaker til at innplasseringane er forseinka, og i mange høve skuldast det at innplassering leiar og eventuelle underliggande leiarnivå er forseinka. Dermed har ein ikkje har fått jobba vidare med bemanningsplan som visar oppgåvefordeling og funksjonsbeskriving for tilsette. I nokre tilfelle har det vore nødvendig å fordele oppgåver mellom ulike avdelingar. Forseinkingane gjeld følgande einingar og avdelingar:

  • Brann og redning. Eivind Hovden er no tilsett som brannsjef, og tilsetjingsprosessen for dei to andre leiarstillingane, varabrannsjef og leiar for førebyggande avdeling, er i gang.
    Når desse er på plass, blir det innplassering for resten av eininga.
  • Kultur. Organisasjonskartet for eininga er vedtatt. Prosess for å få på plass avdelingsleiarar og innplassere tilsette i avdelingane vil bli gjennomført i august/september.
  • NAV. Prosjektleiar og framtidig leiar av NAV Bjørnafjorden har nettopp starta i jobben, og arbeidet med organisering og innplassering av tilsette skal vere ferdig ved utgangen av året.
  • Delar av samfunnsutvikling. Her skuldast forseinkinga at kommunalsjefstillinga er lyst ut, og plansjefstillinga skal bli lyst ut.
  • Organisasjon og innovasjon:

Kvalitet: Det blir jobba med oppgåvefordeling og funksjonsbeskriving etter sommaren.

Arkiv: Delvis ferdig med innplassering. Noko skal avklarast etter sommaren.

Dialog. Sjølve prosjektet kom seint i gang mellom anna fordi tilsetting av dialogleiar tok ekstra tid. Prosjektet jobbar no med bemanningsplan for avdelinga.

  • Pleie og omsorg:
    • Konsulentstillingar: oppgåvefordeling og funksjonsbeskriving skal jobbast med etter sommaren.
  • Helsefremming og rehabilitering: Avdelingsleiarar er nylig tilsett, og ein jobbar no med oppgåvefordeling mellom avdelingane internt og opp mot andre einingar i Helse og velferd. Innplassering av tilsette er derfor forseinka til etter sommaren.

Det er verdt å understreke at alle med fast jobb i Fusa eller Os kommunar vil få fast jobb i Bjørnafjorden kommune. Det står i intensjonsavtalen. Dei som jobbar i einingar der det ikkje er endringar eller er minimalt med endringar, vil halde fram i stillingane sine, men dei vil ikkje nødvendigvis ha avklarings- eller innplasseringssamtale. Alle tilsette i Bjørnafjorden kommune vil få tilsendt informasjonsbrev og nye arbeidsavtalar i løpet av hausten.

Riktig god sommar til alle!