Dette tenker dei tilsette om Bjørnafjorden kommune

Kva er det beste med å jobbe i Os og Fusa? Kva er viktigast for deg? Og kva er din yndlingsstad?

I månadsskiftet januar/februar sendte vi ut ei undersøking på e-post til alle tilsette i Fusa og Os kommunar. Her spurde vi mellom anna om kva dei tilsette tenker kring Bjørnafjorden kommune, kva dei eigentleg er opptekne av, om dei er bekymra, kva dei eventuelt er bekymra for, kva dei lurer på og korleis dei ønskjer å få informasjon om kva som skjer i prosjektet.
Vi spurde òg om kva for tre verdiar dei synest bør vere førande for kommunen, kva som er deira yndlingsstad og korleis dei vil skildre den typiske tilsette i heimkommunen.

Sjå resultata frå spørreundersøkinga