The SIO-trio: Desse damene står bak suksessen

Mange av oss veit ikkje heilt kva SIO er, men vi har fått med oss at Os kommune på eitt eller anna vis har kome gunstig ut økonomisk ved å vere med på forsøksordninga.
– Det er ikkje SIO i seg sjølv som er årsak til suksessen, men måten Barbara, Liv og Birgit har greidd å omsetje dette i praksis, seier kommunalsjef Helse og omsorg i Os kommune, Monica Totland Melvold.

The SIO-trio: f.v. rådgivar Helse og omsorg, Barbara Træland,; økonomirådgivar Liv Eriksen Villeneuve og leiar for Bestillar- og forvaltarkontoret i Os kommune, Birgit Nora Holsen. – All ære til desse tre og dei andre som har bidratt til å implementere SIO-ordninga i Os kommune, seier kommunalsjef Helse og omsorg i Os kommune, Monica Totland Melvold.

– SIO er jo litt svevande. Når ein les i avisene, kan ein få inntrykk av at det berre handlar om økonomi og eldreomsorg, seier Barbara Træland, rådgivar i Helse og omsorg og prosjektleiar for SIO i Os kommune. Saman med leiar av Bestillar- og forvaltarkontoret, Birgit Nora Holsen og økonomirådgivar i Helse og omsorg, Liv Eriksen Villeneuve, var ho den som fekk heile SIO-prosjektet i fanget då kommunestyret på tampen av 2015 vedtok at Os skulle delta som ein av forsøkskommunane.
– Det er rett og slett enormt imponerande kva desse tre og deira medarbeidarar har fått til. Det får eg òg tilbakemelding om frå Helsedirektoratet og andre involverte samarbeidspartnarar. Heile organisasjonen på helse- og omsorgsområdet i Os kommune har lært masse. Resultatet er formidabelt, både i form av kompetanse, innsikt og økonomisk gevinst. seier kommunalsjef Helse og omsorg i Os kommune, Monica Totland Melvold.

Barbara Træland starta si karriere i Os kommune som leiande kommunefysioterapeut i 1991. Ho var den første barnefysioterapeuten i kommunen. Frå 2001 var ho einingsleiar for rehabilitering på Luranetunet, før ho blei helsefagleg rådgivar i 2008. Ho har vore koordinator for rehabilitering, og elles jobba med samhandlingsreforma, Koordinerande eining (KE), ulike prosjekt og planar. Dei siste tre åra har ho vore prosjektleiar for SIO i Os kommune.
– Det har vore utfordrande og krevjande, men svært lærerikt. Eg gler meg over resultatet. Det er verkeleg kjekt å kunne avslutte yrkeskarrieren på denne måten, seier Barbara Træland, som blir pensjonist om berre nokre veker.

Kva er viktig for deg?

– For det første omfattar SIO-ordninga òg omsorgstenester til barn, unge og personar med nedsett funksjonsevne. For det andre er dette ei øving i å sette tenestemottakaren i sentrum og stille spørsmålet «kva er viktig for deg?» i staden for å følge eit standardforløp. Når brukaren sjølv får avgjere kva han eller ho treng for å fungere i kvardagen, blir som regel tiltaka meir treffsikre òg, seier Træland.
SIO-trioen held fram det gode samarbeidet mellom dei som utøver tenester i kommunen, dei som tildeler tenester og dei som styrer økonomien som den store suksessfaktoren i prosjektet. I tillegg rosar dei samarbeidet med oppdragsgivar Helsedirektoratet og analyseselskapet Agenda Kaupang, som har følgt prosjektet heile vegen.

– Det har vore eit svært krevjande, men òg svært givande arbeid. Då vi starta opp i mai 2016, var mykje uklart og svevande. Vi fekk gjennomslag for mange av våre forslag til direktoratet, og har i stor grad fylt og forma SIO-modellen for Os kommune, seier Træland.
SIO-prosjektet skulle opphaveleg vare til 2019, men er vidareført for tre nye år. No skal helse- og omsorgstenestene i Fusa kommune òg inn i ordninga.

Stor skilnad mellom korleis kommunane tildeler

Kort forklart: SIO står for statleg initierte omsorgstenester. I staden for å tildele omsorgstenester med utgangspunkt i ein fastsett budsjettpost, får Os og dei andre forsøkskommunane pengar frå Staten for kvart vedtak dei gjer om tildeling av ei omsorgsteneste.
Bakgrunnen for forsøksordninga er at det er stor skilnad mellom kommunar når det gjeld tildeling av omsorgstenester. Og det burde jo ikkje vere slik at tilbodet ein får – om ein i det heile tatt får det – varierer frå kommune til kommune.

Effektivitet og rein fornuft

– Det er rett og slett enormt imponerande kva desse tre og deira medarbeidarar har fått til. Heile organisasjonen på helse- og omsorgsområdet i Os kommune har lært masse. Resultatet er formidabelt, både i form av kompetanse, innsikt og økonomisk gevinst, seier kommunalsjef Helse og omsorg i Os kommune, Monica Totland Melvold.

Formålet med prosjektet er rett og slett å finne ut om statleg finansiering av omsorgstenestene, basert på eit felles sett av tildelingskriterium, er vegen å gå for å sikre lik og rettvis tildeling på tvers av kommunegrensene – og ikkje minst å gi brukaren langt større moglegheit til påverke kva tenester han eller ho faktisk treng. Riktigare behovsdekning, som det heiter på fint. Rein fornuft for mange brukarar og pårørande. Så langt, så vel. Men korleis gjer kommunen dette i praksis?

Mykje arbeid og god oversikt

– Pengane frå Staten rullar slettes ikkje inn av seg sjølv.  Då vi fekk i oppgåve å implementere SIO-ordninga, måtte vi i praksis finne ut av korleis vi skulle løyse og implementere dette sjølve. Det resulterte i både enorme mengder arbeid og svært god oversikt over kva som skjer på helse- og omsorgsområdet i kommunen vår, smiler Liv Eriksen Villeneuve.
Ho har utvikla rapporteringsverktøyet som syter for at Os kommune har full kontroll over talet på timar som blir tildelte innan dei ulike tenestene til ulike typar brukarar.
– Dette betyr at vi har svært god innsikt i kva som skjer på helse- og omsorgsområdet. Ingen treng lengre å synse og tru om effektiviteten – det er enkelt å hente ut tal som gir klare svar. Dette er eit verdifullt verktøy både for oss i administrasjonen og for politikarane, seier Eriksen Villeneuve.

Birgit Nora Holsen begynte som sjukepleiar i Os kommune i 1986, og blei etterkvart avdelingsleiar for heimebaserte tenester. Dei siste 15 åra har ho vore leiar for Bestillar- og forvaltarkontoret (BOF) i Os kommune. Her har ho mellom anna hatt ansvar for kommunetorg, stortingsval, bustadkontor, husbanken sine låne- og støtteordningar og barnehageopptak. Etter oppstart av SIO-prosjektet har BOF-kontoret blitt eit meir reindyrka forvaltningskontor. Om kort tid blir Birgit pensjonist.
– Dei tre siste åra med SIO har vore spesielt utfordrande og lærerike. Eg er glad Bestillar- og forvaltarkontoret har flinke, kompetente tilsette. I tillegg er avdelinga styrkt med tverrfagleg kompetanse som vil løyse oppgåvene til det beste for innbyggarane våre, seier ho.

Frå trio til solo

Liv Eriksen Villeneuve tar over som SIO-prosjektleiar når Barbara Træland blir pensjonist om berre nokre veker. Birgit Nora Holsen går òg av med pensjon i løpet av sommaren. Med dei går til saman 61 år med kommunal arbeidserfaring ut av Os kommune.

– Det er klart vi mistar enormt mykje kompetanse og erfaring når desse to går av, og ikkje berre i SIO-samanheng. Barbara og Birgit har vore sentrale pådrivarar for utviklingsarbeidet på helse- og omsorgsområdet gjennom mange år. Dei er arbeidsame, pliktoppfyllande og gode til å få oss til å dra i same retning. Dei vil bli sakna. Samstundes føler eg meg trygg på at det vidare prosjektarbeidet er godt ivaretatt i Liv sine hender. Men det er klart at det er ein overgang frå trio til solo – Liv skal sjølvsagt få hjelp, lovar Totland Melvold.

Liv Eriksen Villeneuve er økonomirådgivar for Helse og omsorg i Os kommune, og har utvikla rapporteringsverktøyet som er sjølve grunnlaget for SIO-midlane Os får tilført. Ho tar over som prosjektleiar for SIO når Barbara Træland snart går av med pensjon.- Hovudfokus i år vil vere å få Fusa inn i same tankegang som vi har fått i Os, og få same gode oversikt over tenestene.

Overskot går til fond og nye tenester

Os kommune forvaltar i dag omsorgstenester for 400 millionar kroner. Når Fusa og Os slår seg saman til Bjørnafjorden kommune, vil talet vere ein halv milliard.
Os driv så effektive omsorgstenester at deltakinga i SIO gir eit overskot. Pengane blir sett av på fond som vil kome godt med når forsøksperioden er over i 2022. I 2023 skal kommunen tilbake til vanleg rammefinansiering av omsorgstenestene.
– Overskotet har òg gjort det mogleg for oss å drive utviklingsarbeid og gi framtidsretta tenester, til dømes satsing på velferdsteknologi, opprusting av hjelpemiddellageret vårt og kartleggingsteamet som står klart til å hjelpe når innbyggarar blir skrivne ut frå sjukehuset. I det heile tatt er det kjekt å kunne avrunde yrkeskarrieren med eit slikt formidabelt resultat som SIO-prosjektet har gitt, seier Træland, som starta sin kommunale karriere som leiande kommunefysioterapeut i 1991. Ho var òg første barnefysioterapeut i Os kommune.

Ein annan måte å tenke på

– Arbeidet har gitt oss ein annan måte å tenke tenester og tildeling på, seier leiar av Bestillar- og forvaltarkontoret, Birgit Nora Holsen. Sjukepleiaren begynte i kommunen i 1986. Etter kvart blei ho avdelingsleiar for heimebaserte tenester, før ho begynte som leiar for Bestillar- og forvaltarkontoret i 2004.
– Vi spør brukaren kva som er viktig for han eller henne, sjølvsagt reint fysisk eller helsemessig, men òg sosialt og i høve til familien. Ved å heile tida fokusere på kva som er viktig for brukaren, hjelper vi folk å leve sjølvstendige liv heime lengre. Helse- og omsorgstenestene er i endring. For å møte den store veksten i etterspurnad etter omsorgstenester, må vi fokusere meir på helsefremmande og rehabiliterande tenester. Eg trur vi alle har fått eit betre blikk for samanhengane på tvers gjennom SIO-arbeidet. Vi har rett og slett blitt meir proffe – og betre rusta for framtida, seier Holsen.