Til deg som om 34 dagar jobbar i Bjørnafjorden kommune

Onsdag 27. november gjennomførte kommuneleiinga informasjonsmøte for tilsette på Osøyro og i Eikelandsosen. Her handla det mellom anna om det nye intranettet Innsio, e-post, lagring, kvalitetsystemet, arbeidstid, avvikshandtering og mykje anna.
Var du ikkje til stades på desse møta? Då kan du sjå kommunedirektør Christian Fredrik Fotland oppsummere to timar med informasjonsmøte på 4 minutt og 18 sekund i denne videoen.